Finnslettheia (08.04.2019)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 1h 37min
Distance 5.5km
Vertical meters 344m
GPS
Ascents Finnslettheia nord (547m) 08.04.2019 18:21
Visits of other PBEs Storjorda parkering (205m) 08.04.2019 17:09
På Finnslettheia nord
På Finnslettheia nord
Ved vardane på om lag 480moh
Ved vardane på om lag 480moh

Kristine hadde sett ut ein tur vi kunne ta etter jobb, så etter å ha ete middag drog vi ut på tur. Det var fint vêr når vi køyrde i vegen, men etter kvart skya det over. Da vi parkerte byrja det å snø.

Vi parkerte ved Storjorda i Kvæfjord. Vi følgde fyst bilveg, før vi gjekk på ubrøyta traktorveg. Etter kvart kom vi inn på scooter-spoor, som vi kunne følgje store deler av vegen, sjølv om dei mange stader var ganske nedsnødd. Det var fint å gå oppover bjørkeskogen, som ikkje var spesielt tett, men luftig og fin. Terrenget var aldri spesielt bratt, men høgdemetrane gjekk fort unna. Vêret betra seg også medan vi gjekk oppover.

På om lag 480moh kom vi til ei lita høgd, med to vardar. Då hadde vêret betra seg såpass at vi fekk flott utsikt mot toppen, og utover Kvæfjord. Vidare opp til toppen bar det over ei halvlang flate, før det var ein kort stigning dei siste 50 høgdemetrane.

Køyringa ned att var flott. Dei fyste metrane frå toppen var morosame, før vi måtte stake over flata til vardane på 480moh, men derifrå var det fantastisk skogskøyring ned til bilen. Synd at ein brukar så lang tid opp, og så kort tid ned.

Vardane på om lag 480 moh, bak skuler Sætertinden seg i skodda
Vardane på om lag 480 moh, bak skuler Sætertinden seg i skodda
Mot Finnslettheia nord
Mot Finnslettheia nord
Utsikt frå vardane på om lag 480 moh mot Kvæfjord
Utsikt frå vardane på om lag 480 moh mot Kvæfjord
Utsikt frå Finnslettheia nord mot vest
Utsikt frå Finnslettheia nord mot vest
Utsikt frå Finnslettheia nord mot nord
Utsikt frå Finnslettheia nord mot nord
Utsikt frå Finnslettheia nord mot Nattmålsnuten og Sørvikfjellet
Utsikt frå Finnslettheia nord mot Nattmålsnuten og Sørvikfjellet
Utsikt frå Finnslettheia nord mot aust
Utsikt frå Finnslettheia nord mot aust

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.