Sluten-Oftedalen (Skvettebottshøgdene) (06.04.2019)

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Startsted Sluten (920moh)
Sluttsted Lærdal (20moh)
Turtype Fjellskitur
Turlengde 11t 19min
Distanse 38,0km
Høydemeter 980m
Kart
Bestigninger Skvettebottshøgdene (1534moh) 06.04.2019

Langtur 38 km frå Filefjell til Lærdalsøyri med Lærdal turlag. Dette er ein tradisjonstur som har vore gått sidan 60-talet (om ikkje alle år). Det er ein fantastisk flott skitur i urørt natur. Den tøffe delen er å gå på føtene dei sist 840 høgdemeterane frå Øvre Oftedalsstølen og ned til sjukehuset. Normalt greit, men ein kjenner det etter 9 t 15 min på ski fyrst. Bruttotida vart 11:20 timar denne gongen. Lite snø, men greitt skiføre (universalklister eller kortfeller). Peakbokappen svikta, og difor ingen spor.

Saupsetnosi.
Saupsetnosi.
Fjellrekkja Krokebergnosi (framleis langt til skaret).
Fjellrekkja Krokebergnosi (framleis langt til skaret).
Skaret mellom Kråkebergnosi og Nedre tverrberget, og mot Kvamsbandet.
Skaret mellom Kråkebergnosi og Nedre tverrberget, og mot Kvamsbandet.
Vi ser mot Skvettebotshøgdene som ligg bakanfor midt i biletet.
Vi ser mot Skvettebotshøgdene som ligg bakanfor midt i biletet.
Andre rast, etter knapt 5 timar.
Andre rast, etter knapt 5 timar.
Opp frå Steinhustjørni opnar det seg mot Horgedalen, og vi ser Bringe på Borgund.
Opp frå Steinhustjørni opnar det seg mot Horgedalen, og vi ser Bringe på Borgund.
Skavlar på "flatmark".
Skavlar på "flatmark".
I fint driv mot Skvettebottshøgdene.
I fint driv mot Skvettebottshøgdene.
Snart Hedleskaret.
Snart Hedleskaret.
Mot Årdalsfjell og Hurrungane.
Mot Årdalsfjell og Hurrungane.
Rasteplassen under Hedleskar og 3. matpause.
Rasteplassen under Hedleskar og 3. matpause.
Siste flener før det stuper ned i Oftedalen.
Siste flener før det stuper ned i Oftedalen.
Mot Nordnosi, og før "bratthenget".
Mot Nordnosi, og før "bratthenget".
Turleiar Rolf Engløkk godt nøgd. På Øvre Oftedalstølen.
Turleiar Rolf Engløkk godt nøgd. På Øvre Oftedalstølen.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.