Rufsevær til Malviks høgaste (29.03.2019)  2

Written by bakken59 GSM

Duration 2h 34min
Distance 10.9km
Vertical meters 402m
GPS
Ascents Baklipynten (624m) 29.03.2019

Lenge planlagt toppturhelg til Trøndelag såg ikkje ut til å innfri då eg kom ut av flyet på Værnes. Snøfritt og ausregn! Men møtte Anne og Eirik på hotellet, og dei skrubbar jo aldri, så vi endte opp med å prøve oss på Malviks høgaste. Vinterparkeringa kosta 75, føret var svært krevjande, og det snødde vått og tett. Vi gjekk først opp til Gammelvollstoggo, der prøvde vi å forbetre skia våre, eg med meir feste, dei to andre med å få bort klisterrester. Mykje betre etterpå, og snøen bar i terrenget - som for øvrig såg fint ut - det vi kunne skimte! Vi gjekk sør for Vennafjellet, og fann greitt steinen med bolt. Snudde og følgde eigne spor tilbake til bilen. 11 km, 393 hm, var borte i 2 timar og 34 minutt. Anne og Eirik var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.