Løpstur over Reksta (28.03.2019)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Langevika
Endpoint Rognaldsvåg
Characteristic Jogging
Duration 2h 05min
Distance 7.8km
Vertical meters 692m
GPS
Ascents Harefjellet (220m) 28.03.2019
Indre Rekstafjellet (173m) 28.03.2019
Midtre Rekstafjellet (166m) 28.03.2019

Det vart ein fantastisk fin løpstur over Reksta. Snakke meg om å føle seg som den friaste fuglen lengst vest der ute i havgapet.

Etter å ha studert meldingane som såg fine ut også inkludert vindstyrke! Var planen min å padle ifrå Florø utover til Reksta og overnatte på ei av dei ubudde øyane. Nyte solnedgangen, stilla, ei vid og nydelig havrand. Kajakken var godt lasta med telt, varme kle og mat til sikkert ein heil generasjon. Nydelige dager så seint på året i slutten av oktober 18 var det. Tørrdrakt hadde eg ikkje, kun ullkle og det låg i tankane. Meldingane var fine og eg har padla åleine før i frisk vind...Men denne gangen valgte eg å snu! Vinden var ikkje oppi mot samme styrke som eg har padla i før. Men den kom ifrå alle kantar og sjøen i området føltes krapp og skavlete. Så seint på året i sjøen og åleine, såg eg det som fornuftig å snu tilbake. Sjølv om det var litt irriterande å ikkje kunne krysse siste stykket over fjorden i havgapet. Meldingane for neste dag var temmelig stille...
Reksta var målet! Men kryssing av Nekkøyosen og Rekstafjorden åleine i krapp sjø på denne tida av året, valgte eg å gi meg på!

Stille og fint inne ved havna og kajakken er ganske så tettpakka :) Er ganske så nøgd med denne kajakken

Ein nytelse å være på sjøen i kun sitt eige selskap :)

Tilbake til startutgangspunktet og ein beinstrekk på Solheimsfjellet før eg var så heldig å få meg skyss av litt større kapasitet neste dag :)

Tilbakeblikk mot Florø ifrå første toppen på Reksta og Indre Rekstafjellet 173 moh

Støypte gjerdepålar! Vil tru dei har jobba hardt for å få desse på plass oppi utmarka. Eit stykke ifrå veg var dette...

Den mellomste toppen Midtre Vasslifjellet/Rekstafjellet 166 moh mot siste topp Harefjellet 220 m

Ifrå siste toppen Harefjellet 220 moh mot øya Kinn

Nydelige Alden der vest. Der ute går det vestligaste og fine motbakkeløpet i Noreg :)

Sånne stunder i så vakker skjærgård må opplevast! Ifrå Harefjellet ned mot Rognaldsvågen og øya Kinn

Idyllisk ifrå Rognaldsvågen og Harefjellet 220 m i bakgrunn! Det kunne nesten ha vore ein sommarsdag :)

Turen vart avslutta på Blåkollen 393 moh på øya Skorpa

Ifrå øya Skorpa og Blåkollen 393 moh var det eit flott tilbakeblikk mot dei tre toppar på øya Reksta.

Ifrå øya Skorpa og Blåkollen 393 moh mot Kinn

Kjente Kinnakloven i nydelig solnedgang.

Fint å avslutte dagen og kvelden i sånne omgivelser!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.