Sørvikfjellet rundt (24.03.2019)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)

Duration 3h 37min
Distance 30.1km
GPS
Ascents Storbakkan (352m) 24.03.2019 11:47

Ikkje så pent turvêr denne helga, grått og litt nedbør, både regn og snø. Det og stor rasfare førte til at det ikkje vart ein skikkeleg fjelltur. Vi fekk likevel ein lang og fin skitur på sundag. Vi køyrde til skulen i Sørvika, der dei arrangerte skirennet Hinnøyløpet. Vi gjekk i vegen like etter rennstart, men ein snøscooter hadde allereie klart å øydelegge det eine sporet. Etter kvart vart også det andre sporet øydelagt av scooterkøyring. Klisteret frå dagen før fungerte godt i starten av turen då, men etter kvart byrja det å snø, så vi sleit med klabbing i dei bratte motbakkane som var tidleg på turen. Vi la inn ein liten avstikkar frå skiløypa og gjekk oppom den vesle toppen ved Storbakkan, i fint vêr er det nok eit riktig flott utsiktspunkt. Klabbinga ga seg etterkvart, men feste vart slite bort, så det vart ein tung runde.

Kristine på Storbakkan
Kristine på Storbakkan
Mot Storvatnet og Setertind
Mot Storvatnet og Setertind
Oppover mot Finnslettheia
Oppover mot Finnslettheia
Utover mot Kvæfjord
Utover mot Kvæfjord

User comments

  • -
    avatar

    Lang tur?

    Written by repelo 25.03.2019 10:25

    100 meter og 4 minutter, høres ikke ut som noen veldig lang skitur!

    • -
      avatar

      Sv: Lang tur?

      Written by Hansi 25.03.2019 14:28

      Ikke alle som er så godt trent som deg!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.