Sollia i Harstad (16.03.2019)

Geschrieben von Hansi (Hans Thorvald Nygaard)

Tourlänge 1h 15min
Entfernung 5,5km
Höhenmeter 164m
GPS
Besteigungen Sollifjellet (567m) 16.03.2019 11:48
Vetefjellet (546m) 16.03.2019 12:11
Sollifjellet frå Vetefjellet
Sollifjellet frå Vetefjellet

Høgfjellet er ein av toppane i Harstad vi manglar, så i dag tenkte vi å gå på han. Det var spådd bra vêr da vi drog heime frå. Vi køyre til Sollia alpinsenter, der kjøpte vi to eingongskort. For to kort tok dei 190 kronar, 70 kronar meir enn vi betalte for to kort i Tromsø. Vêret hadde vært ok medan vi køyrde, og når vi åt litt mat i bilen. På veg oppover heisen vart det meir vind og meir overskya. Det byrja også å snø ein del. Frå heisen var det kort og lett opp til Sollifjellet, men vêret vart berre dårlegare. Over mot Vetefjellet vart sikta mykje dårlegare, og etter Vetefjellet vurderte vi sikta og vêret for dårleg til at det var noko poeng i å fortsette turen. Irriterande å måtte snu, men vêret var ikkje på lag med oss i dag. Etter turen tok vi ein ny tur i løypane i Kvæfjord, men motivasjon var ikkje på topp, så det vart ein kort tur.

På Sollifjellet
På Sollifjellet
På Vetefjellet
På Vetefjellet

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.