Fulgte T-merka rute mot Trodla-Tysdal. Det er grusveg av litt ymse standard dei første 2 km så eg sykla på. Vidare på tydelig sti opp gjennom skogen til toppen av skaret mellom Kløv og Helgaland. Litt ned på sørsida er det stidele og eg fulgte umerka men god sti austover mot Djupadal. Frå brua over ånå gjekk eg opp den nordvendte fjellsida til det store platået på Himraheia.
Lite snø etter ein uvanlig varm februar, men frost siste døgn så snøen var fast og fin å gå på til fots. Gjekk austover Stutaryggen til toppen på ca 862 m. Kartet har oppført høyde på 856 m på trigpunkt. Sjølve toppen ligger snaut 100 m lenger vest og har 860-kote på kartet. Detaljkart oppgjer namnet Nordstjerneknuten, men har ingen oppgitt høyde. Anslår toppen til å vere minst 6 m høgare enn trigpunktet.
Herfrå er det ca 3,5 km vidare austover til Høyversknuten, men måtte først ned i Tverrdalen og gjekk over ein namnlaus topp på drøyt 820 m og litt småkupert vidare austover. Nådde toppen av Høyversknuten i god tid før solnedgang, men sola gjøymte seg bak skyene ei stund.
Gjekk ned igjen vestryggen og så ned i Stutadalen vidare vestover. Eit trongt parti med ur i dalen vest for Stutatjørna. Så gjennom breiere dal igjen og over det ca 3 km lange islagte Djupadalsvatnet. Då eg kom i land i vestenden var det så mørkt at lommelykta måtte på. Kunne då greit følge stien tilbake ned til Kleivaland.
Det var nøye planlagt å ta denne turen under slike forhold som denne dagen. Det ville vore uaktuelt å gått gjennom Stutadalen/ Djupadalen på barmarksføre og uten islagt vatn. Då ville eg heller ha gått over Stutaryggen på returen. Alternativt så kan Høyversknuten enkelt tas frå Grasdalen turisthytte, men det er dog ein god dagstur kvar veg inn til den hytta.
User comments