Krekahøgdi (10.03.2019)

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Randonnée/Telemark
Turlengde 4t 49min
Distanse 13,5km
Høydemeter 550m
GPS
Bestigninger Krekahøgdi (1512moh) 10.03.2019 14:36
Andre besøkte PBE'er Sletterust parkering (1030moh) 10.03.2019 11:39

Fint vèr og dag for skitur med topp som mål. Starta frå parkeringa under Torolmen, og gikk innover blandt hyttene og i retning Sletterustdalen. Måtte litt aust ved oppstigninga, til ei hylleformasjon, så på skrå nordvest. Det flata etterkvart noko av innover Sletterustdalen.

Har passert hyttene, og skal opp på "hylla" og så til høgre.
Har passert hyttene, og skal opp på "hylla" og så til høgre.

Dalen var noko meir kuppert enn forenta, så fjellski er meir passande på denne turen. Men godt å ha faste plankar i nokon av kneikane på turen nedatt.

Vi har byrja på fjellet Krekahøgdi.
Vi har byrja på fjellet Krekahøgdi.

Vi fann ei fin oppstigning nordaust på fjellet, gikk like til venstre for topp 1325, der vi rasta bak ein stein. Etter litt mat, over skaret, opp ei lita bratte, og til høgre for topp 1416. Så var det å gå fjellet jamt og rett fram mot toppen. Også her oppe var det mange haugar, og småtoppar, men lett terreng. Det brattaste var ved skaret etter 1325 toppen. Opp mot 20 grader.

I dag var det relativt tøffe forhold, med jamn vind 6 - 8 ms. Om lag - 10 ved start og ca. - 16 på toppen. Betydelg tøffare vind oppå fjellet. Ansler at effektive kuldegrader var om lag -30. I dag fekk vi god nytte av godt med klede. Boblejakka måtte på som fjerde lag under skalljakka. Det er fyrste gong.

Nedanfor her er fyrste bildet litt før toppen, og dei andre er frå toppunktet. Fint tur :)

I ly bak varden
I ly bak varden
Marita blid ved varden
Marita blid ved varden
Toppturbilde :)
Toppturbilde :)

Medan vi var på toppen var det relativt fint fyrst 5 minuttane, og så rasa vinden på. Då såg det meir slik ut:

Det kokar. Berdalseken i skuggen bakerst.
Det kokar. Berdalseken i skuggen bakerst.
Berdalseken.
Berdalseken.
Trøkk i vinden.
Trøkk i vinden.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.