Aursfjellet (09.03.2019)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 3h 01min
Distance 10.0km
Vertical meters 670m
GPS
Ascents Høgpynten (492m) 09.03.2019 15:36
Aursfjellet (632m) 09.03.2019 16:13
Visits of other PBEs Sørelvmoen p-plass (20m) 09.03.2019 13:57

Etter ein strålande dag i Tromsø i går, var det i dag meir overskya. Vinden var fortfarande kald, og nokså sterk så vi fann ein ikkje så altfor høg topp. Valet fall på Aursfjellet i Målselv. Vi drog rett etter å ha ete ein riktig god frukost på hotellet i Tromsø. På vegen fann vi ut at vi ikkje ville tilbake til Evenskjer med ein gong, så vi ordna med overnatting til sundag på Bardufoss hotel.

På Peakbook-kartet er det registrert ei parkering like ved der vi starta turen, men han ligg på privat eigedom, så vi parkerte heller i vegkanten. Dei fyste høgdemetrane gjekk vi på bilveg, før vi følgde scooterkøyring oppover traktorvegen. Frå vi tok av frå traktorvegen vart det brøyting, men vi kunne stadvis følgje scooterspor oppover. Vi hadde ikkje vurdert turen som bratt nok til å bruke toppturskia, så vi gjekk også i dag med langrennski.

Oppover skogen var det kolossalt tungt, men det vart litt betre da vi kom over tregrensa. Samstundes økte vinden kraftig når vi kom litt opp i høgda, så det vart kaldt. Kort pause på toppen, og sjølv om det var overskya var det flott utsikt. Turen ned at gjekk radig unna.

På turen oppover
På turen oppover
På Høgpynten
På Høgpynten
På Høgpynten
På Høgpynten
På Aursfjellet
På Aursfjellet
På Aursfjellet
På Aursfjellet
Utsikt frå Aursfjellet
Utsikt frå Aursfjellet
Utsikt frå Aursfjellet
Utsikt frå Aursfjellet

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.