Svartkampen og bonustur til Spåtind (27.02.2019)

Written by mariusmeland (Marius Meland) GSM

Start point Synnsæterberga (800m)
Endpoint Synnsæterberga (802m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 4h 51min
Distance 24.3km
Vertical meters 775m
GPS
Ascents Spåtind (1,414m) 27.02.2019
Svartkampen (1,168m) 27.02.2019

Det vart topptur i dag. Turen skulle eigentleg gå til Svartkampen og Høgkampen, men på grunn av hardt føre, sterk motvind og at eg tok litt for seint av mot Høgkampen, vart det i staden for tur til Spåtind, som faktisk viste seg å vere lettare tilgjengeleg (mest på grunn av oppkøyrde spor). Var kraftig motvind mot toppen, og i kombinasjon med bratt stigning mot slutten var det svært vanskeleg å kome seg opp på slutten, farten var vel på cirka 5 meter per minutt opp siste brattbakken. Fekk ikkje bilde frå Spåtind pga tomt batteri, men trur nok at mange andre har vore flinke og tatt bilde her.

Det var elles til dels svært hardt føre. Eg brukte kortfeller, men i dag burde eg kanskje heller hatt langfeller.

Siste del av tur mot Svartkampen måtte faktisk gåast til fots på grunn av lite og avblåst snø mot toppen.

Hard og lite snø på veg oppover.
Hard og lite snø på veg oppover.
Ser mot Svartkampen. No må eg snart ta av skia for å kome opp.
Ser mot Svartkampen. No må eg snart ta av skia for å kome opp.
Då er eg på Svartkampen.
Då er eg på Svartkampen.
Då får eg knalle opp mot Høgkampen. Det vil seie, på grunn av vanskelege forhold (motvind) og at eg gjekk litt for langt før eg tok av mot Høgkampen, vart det Spåtind i staden for.
Då får eg knalle opp mot Høgkampen. Det vil seie, på grunn av vanskelege forhold (motvind) og at eg gjekk litt for langt før eg tok av mot Høgkampen, vart det Spåtind i staden for.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.