Maridalshøgda (03.03.2019)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 4h 07min
Distance 21.5km
Vertical meters 793m
GPS
Ascents Maridalshøgda (790m) 03.03.2019 15:19
Mot Novatind og Novafjellet frå parkeringa
Mot Novatind og Novafjellet frå parkeringa
Mot Revtind frå parkeringa
Mot Revtind frå parkeringa
På veg innover scooterløypa
På veg innover scooterløypa
På veg innover scooterløypa, med Novafjellet bak
På veg innover scooterløypa, med Novafjellet bak

Andre dag i vinterferien og flott vêr. Det var lengje sia vi hadde fått ein ny raud topp, så nå var det på tide. Kristine hadde sett seg ut ein tur ho ville gå, etter at ho hadde studert kartet på både skisporet, peakbook og bratt-appen. Maridalshøgda i Grovfjord/Bjerkvik vart målet, så på formiddagen drog vi til Grovfjord. Det skulle være scooterspor ein del av turen, og vi var spente på korleis det var å gå utanom løypane.

Vi parkerte ved ein stor parkeringsplass ved Krokelvhøgda ved Skoddebergvatnet. Derifrå gjekk vi i godt scooterspor til litt forbi det flotte Revvatnet. Vi hadde scootersporet i om lag seks kilometer før vi måtte brøyte sjølve. Frå Revvatnet gjekk vi i fin bjørkeskog oppover Revdalen til salen mellom Maridalshøgda og Nonstinden (punkt 506). Det var omkring 20 centimeter med nysnø, så det var tungt å gå utenom sporet.

Krisitne brøytar veg oppover Revdalen
Krisitne brøytar veg oppover Revdalen
Oppe på Salen, Dudalstindane bak
Oppe på Salen, Dudalstindane bak

Opp i frå salen vart det litt brattare, men Kristine hadde gjort godt forarbeid, så vi unngjekk skredterreng. Men tungt var det. Oppe på toppen kom vi tilbake i sola, og utsikta var fenomenal, og bollane smakte fantastisk godt.

Toppvarden
Toppvarden
Mot fjell i Skånland/Evenes
Mot fjell i Skånland/Evenes

Ned at til salen var skikøyringa fantastisk morosam, sjølv på langrennsski. Frå salen og til Revvatnet fekk vi god fart i spora våre, så returen gjekk mykje raskare enn oppturen.

Maridalshøgda frå Revvatnet
Maridalshøgda frå Revvatnet
På veg oppover Revdalen, mot Sandfjellet og Habak?
På veg oppover Revdalen, mot Sandfjellet og Habak?
På toppen!
På toppen!
På toppen. Mot Revtind og fleire fjell i Grovfjord/Gratangen
På toppen. Mot Revtind og fleire fjell i Grovfjord/Gratangen
På toppen. Mot Dudalstinden og fleire fjell i Grovfjord/Gratangen
På toppen. Mot Dudalstinden og fleire fjell i Grovfjord/Gratangen
På toppen. Mot Nonstinden og fleire fjell i Grovfjord/Gratangen
På toppen. Mot Nonstinden og fleire fjell i Grovfjord/Gratangen
På toppen. Mot Lofttinden
På toppen. Mot Lofttinden
Kristine på toppen. Med Lofttinden bak
Kristine på toppen. Med Lofttinden bak
Kristine på toppen. Med Storfjellet og Nattmålstuva bak
Kristine på toppen. Med Storfjellet og Nattmålstuva bak
Nesten nede ved parkeringa, mot Tinden
Nesten nede ved parkeringa, mot Tinden
Nesten nede ved parkeringa, mot Revtind
Nesten nede ved parkeringa, mot Revtind
På bilturen heim fløy det ein ørn like over vegen!
På bilturen heim fløy det ein ørn like over vegen!
På bilturen heim fløy det ein ørn like over vegen!
På bilturen heim fløy det ein ørn like over vegen!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.