Arsteinheia/Fjaler (21.02.2019)

Geschrieben von Eikås (Janne Eikås) GSM

Startpunkt Indre Åsnes (99m)
Endpunkt Indre Åsnes (103m)
Tourcharakter Jogging
Tourlänge 0h 40min
Entfernung 4,4km
Höhenmeter 385m
GPS
Besteigungen Arsteinheia (445m) 21.02.2019

Etter å ha testa nabo toppen Vardeheia, som ligg berre eit steinkast unna litt tidlegare i vinter. Då på telemarkski, gjennom ei heftig granskog løype! Og på jakt etter pudder i ytre strøk! Kanskje var eg førstemann med det utstyret til den toppen i akkurat den løypa!! Lønn for strevet fekk eg i djupsnø i ca 15 minutt og 100 høgdemeter over skoggrensa i ein halvmeter sukkersnø. Og tilslutt ein temmelig avblåst topp. Trur all snø hadde samla seg i eit belte rundt toppen. Eg fant ut at det vart litt ekstra tidkrevande prosjekt å komme seg bort til den andre toppen Arsteinheia 446 moh. Desse to toppane er nok mest naturleg å gå på i samme runde :) Men tanken var tenkt for lenge sidan at det skal bli kjekt å gå Arsteinheia ifrå den andre sida/Indre Åsnes og då med joggesko. Så no har eg to ulike fine opplevelser til omtrent samme fjell. Eg fekk ein superfin løpstur i lett duskregn til toppen av Arsteinheia.

Fint merka løype til toppen og greit å parkere :)
Fint merka løype til toppen og greit å parkere :)

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Kein Titel

    Geschrieben von agnar 04.03.2019 15:48

    Kjende trakter. Du starta 100 m ovanfor hytta mi.

    • -
      avatar

      Sv:

      Geschrieben von Eikås 06.03.2019 19:39

      Ja..eg tenkte på deg då eg starta ifrå parkeringa :) Skal tru kor du kom ifrå her :) Var litt uheldig utsiktsmessig denne dagen, men ypperlig ver som treningstur :) Trur nok eg tar turen igjen for natur og litt betre utsikt her ute! Eg liker så godt mot og kystnaturen :)

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.