Planen idag var å fotografere Vikastøylen. Det gjekk fint å gå til fots opp på støylen. Vidare i vårleg slush snø til toppen av Kleivafjellet. Eit nydelig fint utkiksfjell til store deler av jølstrabygda. Ganske så vårleg temperatur 7-10 grader pluss. Trivelig turfølge med Knut Skurtveit. Min tangopartner på dei fine topper :)
Ein litt amputert tango for to på Store Austanbotntind! Tre steg fram og tilbake var greit. Men stega til sides, valgte vi eigentlig å droppe! Gode marginer er då alltid bra å ha!! Ein nydelig klatretur Austanbotntindtraversen i Hurrungane. Knut S. ser litt rar ut...men han hadde gløymt klatreselen til det eine punktet av traversen. Klatresele av slynger fungerer meget bra :)
Fint å nyte skuet over Jølstravatnet ifrå Vikastøylen. Tydelig å høyre og sjå anleggsarbeidet ifrå den nye trasen E39 langs ved Jølstravatnet. Skal stå ferdig sommer/haust 19
Benutzerkommentare