Giske: Storhornet, Signalen og Molnesfjellet. pf 100 i boks (21.02.2012)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Characteristic Hillwalk
Vertical meters 1,050m
Map
Ascents Blindheimsfjellet (77m) 21.02.2012
Husefjellet (148m) 21.02.2012
Lesten (398m) 21.02.2012
Molnesfjellet (122m) 21.02.2012
Signalen (231m) 21.02.2012
Storhornet på Godøya (497m) 21.02.2012
Synesfjellet (90m) 21.02.2012
Visits of other PBEs Johan Skytt (240m) 21.02.2012

Planen for dagen var alle toppar i Giske kommune. I ettertid ser eg at Havsteinen manglar så den må ordnast på eit eller anna vis, sannsynlegvis med kajakk. Overnatta hos Åsmund, ein kollektivkompis frå Voldatida. Han hadde heldigvis mulighet for ein fridag og vart med på desse toppane.

Kjøyrde først til Alnes og gjekk runda rundt Alnesvatnet til Lesten og Storhornet. Var bortom Johan Skytt på veg nedigjen. Eit islag på steinen gjorde den såpeglatt så det var berre å ake seg utpå. Ingen god ide og ramle utfor her!

Alnes
Alnes
Åsmund på Storhornet 497
Åsmund på Storhornet 497
Såpeglatt på Johan Skytt
Såpeglatt på Johan Skytt

Kjøyrde så til Valderøya og parkerte ved barneskulen her. Hadde morro av å vurdere primærfaktoren på ein molddunge som låg der. Åsmund kom sjølvsagt med ein ide om å klyvre opp hammaren rett bak skulen. Det vart i overkant spennande og tok si tid. Frå Signalen gjekk vi rett sørover og plukka Husefjellet.

Dagen vart avslutta med Molnesfjellet, Blindheimsfjellet og Synesfjellet utan at det er noko meir å skrive om. Rakk akkurat SFO så Åsmund fekk henta kidsa.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.