Liatårnet ad nordeggen (10.02.2019)

Written by ilyslo GSM

Duration 2h 07min
Distance 5.2km
Vertical meters 277m
GPS
Ascents Liatårnet (341m) 10.02.2019 12:59
Visits of other PBEs Liatårnet parkering (55m) 10.02.2019 11:24

Denne eggen har pirra meg gjentekne gongar der den tek seg svært godt ut frå den svært godt trafikerte normalvegen til Liatårnet. I dag var parkeringsplassen full, og det var faktisk vrient å få parkert. Å kome seg bort til den fine hylla som leier bort til eggen er ikkje så lett nedanfrå, så følgte difor normalvegen halvvegs opp og dreia så mot venstre, nordover. Måtte gå litt nedover for å kome til starten av den breie og fine hylla. Fann ein svak sti der, og ein liten varde ca 10 meter oppover eggen frå enden av hylla. Litt småklyving i starten som løyste seg fint oppover. Ein del råtten snø som bar dårleg var vel einaste utfordringa. Svært god utsikt mot sør, vest, nord og nedover. Lite vind, og ikkje i nærheten av dei 10ms som var meld. Anbefalast på fine dagar - som i dag:)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.