Riper og skred (08.02.2019)  3

Written by Hommpbollen (Tor)

Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 5h 31min
Distance 8.8km
Vertical meters 729m
GPS
Ascents Raudmelen (978m) 08.02.2019 11:12

Eg og brodaren til Raudmelen. Planen var å revansjere den aller første toppturen til same toppen på tidleg 2000-talet, der eg gjekk på nokre pistrete carvingski med rottefella-bindingar og Eirik iført LANGRENNsutstyr. Det var boksaveleg talt ein nedtur i vid forstand. Slik sett var sjansen for suksess svært stor denne dagen - tenkte vi.

Men Raudmelen kan vere ein tøffing.

Starten var god. Etter å ha hogge innpå ein vaksen egg og bacon-frukost, la vi i veg med godt pågangsmot under blå himmel.

Då vi starta frå barndomsheimen i Brattland valde vi ikkje den tradisjonelle ruta frå Kreklingen. Vi gjekk opp forbi Sandefeltet og hamna ganske raskt inn på ein traktorveg som tok oss langt oppover i retning Fjærestadstølen. Vegen følgde vi heilt opp - og litt forbi - første haldepunkt på turen. Den legendariske "Bøtta".

So starta slitet. Sjølv om temperaturen fall i takt med høgdemetrane, ville ikkje snøen følgje same regelen. Han var våt og tung - og nokså, tja, omfattande. Det vart med andre ord nokre harde tak oppover mot stølen.

Etter litt mas og kjas nådde vi til slutt Fjærestadstølen. Då hadde vi svetta bort nokre kilo.

Vidare gjekk turen opp i retning Buråsi. Snøen like våt og tung. Det var seigt å gå, men utsikta var ganske fin. Greitt nok.

So var det tid å prøve portrett-funksjonen på nye iphonen. Det vart eit nokså skapleg bilete, etter mor og kona å bedømme.

Då vi var komne opp til Buråsi hadde svolten meld seg - hjå begge. Svolten skulle vi ha høyrd på. Men nei. Vi, kanskje særleg eg, tenkte at sidan vi no var så nær toppen kunne vi heller spare lunsjen til peiskos i hytta. Rein idioti.

Resten av turen opp den steinete fjellryggen vart, i tillegg til slit og svette, krydra med tomme magar. På veg opp klarte eg til og med å løyse ut eit lite flakskred. So då vart det og litt krangling om trygge vegval vidare. Elles var sol bytta ut med ei grå skodde.

Til slutt nådde vi hytta. Og det var bra. Det var ikkje mykje pågangsmotet att no.

Etter nokre skjellsord hit og dit fekk vi fyr i peisen, noko som gjorde godt. Det var derimot ikkje like godt at tørkinga av sokkar enda opp med brende hol.

So bar det ned att - og inn i ulukka. Rett nedanfor hytta løyste eg ut nok eit skred, denne gongen langt større. Sjølv om brotkanten kun var 30-40cm høg, svergjer eg på at han var 100 m brei. Nok av krefter med andre ord. Raset tok med seg all den gode snøen i fjellsida, men heldigvis ikkje oss i tillegg. Det var snødskredfaren frå helvete denne dagen!

Etter dette torde vi ikkje anna enn å halde oss inntil fjellryggen på same ruta vi kom opp - altså rett inn att i steinrøysa. Det "minste ondet" denne dagen vart difor riper og HAKK i sålen! I tillegg var vi smarte nok til å ikkje velgje ruta ned att til Fjærestadstølen, men køyrde i staden rett inn i eit skogsholt etter Balastølen. Det var NULL stemning att då vi til slutt måtte forsere eit elvejuv med ski på beina.

Ja her er ruta vår. So kan dei som vil ha ein GOD tur til Raudmelen velgje ein betre dag og ein HEILT anna nedfart.

Lærdomen er: et lunsj når du er svolten, og tørk fan ikkje sokkane rett på peisen!!

Joda, og so var det dette med ikkje å ta lett på å snøskredfaren då..

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.