Flykrasj i Holtaheia (10.11.2018)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Holtaheia parkeringsplass (375m)
Endpoint Holtaheia parkeringsplass (375m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 45min
Map
Ascents Grimsåsen (572m) 10.11.2018
Krofjellet (411m) 10.11.2018
Moldhesten (522m) 10.11.2018
Ormakam (556m) 10.11.2018
Sneisaråsen (483m) 10.11.2018
Storehornåsen (480m) 10.11.2018
Visits of other PBEs Grødheimsmyrane flyvrak (380m) 10.11.2018
Holtaheia-ulykken (530m) 10.11.2018

Kjørte opp til parkeringsplassen i Holtaheia dagen før for turen til Lauvåsen og Almåsen. I dag gjekk eg først opp til minnesmerket etter flyulukka i 1961 der 39 engelske personer omkom. God sti og kort tur opp frå parkeringsplassen. Så ned igjen og fulgte merka sti til Krofjellet. Gjekk så austover for å koma inn på merka sti til Ormakam. På Grødheimsmyrane stod eit skilt om minnesmerke over nok eit flyvrak. Dette er langt mindre kjent enn det førstnevnte i Holtaheia. Ifølge ein turgåar eg traff dagen før så var dette visstnok to jagerfly som kolliderte i lufta og det eine flyet styrta her, mens det andre skal ha styrta i Rotabakken ca 5 km lenger sør. Ifølge infoskilt skjedde denne ulykka 7. januar 1953. Flyrestane på Grødheimsmyrane ligger rundt 2-300 m vest for stien til Moldhesten/ Ormakam. Gjekk så opp til nevnte topper og vidare til Grimsåsen. Denne har sti som eg fulgte opp/ned i vestsida. Stien går til Holtastølen, men eg gjekk i terrenget via nordenden av Buåstjørna og over Sneisåsen og Storehornåsen. På parkeringsplassen er det skilta tursti til Storehornåsen, men eg kunne ikkje sjå at det var nokon sti oppå der. Stien til Holtastølen/ Grimsåsen går såvidt eg forstår på sørsida av Storehornåsen. Fulgte denne stien siste stykket tilbake til parkeringspassen. Dagen begynte med opphald og litt sol, men søraust kuling og perioder med regn utpå dagen.

Stien opp mot Holtaheia minnesmerke.
Stien opp mot Holtaheia minnesmerke.
Rester etter det engelske flyet i fjellsida.
Rester etter det engelske flyet i fjellsida.
Steinkors på toppen av fjellknausen.
Steinkors på toppen av fjellknausen.
Infoplate på steinkorset.
Infoplate på steinkorset.
Sti på nordsida av parkeringsplassen mot Krofjellet og Moldhesten/ Ormakam.
Sti på nordsida av parkeringsplassen mot Krofjellet og Moldhesten/ Ormakam.
Storehornåsen med nokså alpin profil sett vestfrå.
Storehornåsen med nokså alpin profil sett vestfrå.
Varden på Krofjellet.
Varden på Krofjellet.
Skilt til flyvrak på Grødheimsmyrane.
Skilt til flyvrak på Grødheimsmyrane.
Flyrester på Grødheimsmyrane.
Flyrester på Grødheimsmyrane.
Vrakrester rundt steiner.
Vrakrester rundt steiner.
Minneplate på stein lenger oppe i skråning ovanfor flyrestane.
Minneplate på stein lenger oppe i skråning ovanfor flyrestane.
Minneplata.
Minneplata.
Varden på Ormakam.
Varden på Ormakam.
Mot Grimsåsen.
Mot Grimsåsen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.