Førlandsåsen frå Dalavegen (28.12.2018)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Førlandsnuten (525m) 28.12.2018

Skoddetur frå øvre brua i Dalavegen. To ryper og ein kvit hare var fine faunainnslag. Haren låg i ro i toppområdet, heilt utan kamuflasje i den snøfrie vegetasjonen.

Vel nede igjen, tok eg turen inn langs traseen for det gamle trerøyret (ca. 1,5 km langt og 2m i diameter) som vart fjerna ifm. oppgraderinga av kraftverket i Dalen. Eg håpa i det minste at området rundt vassbassenget i Førlandsåsen var bevart for ettertida. Det var skuffande å sjå at både inngangen for trerøyret og den murte opninga der dei to trykkrøyra av stål gjekk ut, var sprengt og steindumpa til det ugjenkjennelege. Det einaste som var kjennesleg, var steintippen nedanfor.

Det er greit nok at gamle anlegg skal sanerast ifølgje konsesjonsvilkåra, men samstundes trist at eit så monumentalt anlegg må fjernast fullstendig. Heldigvis står sjølve kraftstasjonen og maskinistbustaden frå denne særeigne utbygginga att. Kraftstasjonen (Jørpeland II) var i drift frå 1920 til 2010, og oldefar min var maskinist der frå starten og til han pensjonerte seg under krigen.

Link til historiske bilder frå Strand Historielag: http://www.galleri.strandhistorie.no/thumbnails.php?album=8

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.