Seimsåsen rundt (25.11.2018)

Written by JonnyA (Jonny Asperheim) GSM

Start point Aosahytta (755m)
Endpoint Aosahytta (754m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 00min
Distance 13.4km
Vertical meters 672m
GPS
Ascents Brennfjellet (932m) 25.11.2018 10:28
Mastrehaugfjellet (959m) 25.11.2018 14:24
Visits of other PBEs Biskaholten, varde (941m) 25.11.2018 10:28
Saltskredjuvet (784m) 25.11.2018 10:28
Seimsåsen aktivitetssenter (755m) 25.11.2018 10:28
Paradisjuvet (850m) 25.11.2018 12:49

Helgeturen denne søndagen gjekk til Seimsåsen. Me starta ved Aosahytta og gjekk traktorvegen til Geitåna. Derfrå på sti langs ytterkanten av åsen til Saltskredjuvet. (Ikkje for born og folk med høgdeskrekk!)
Vidare vart det terrenggåing forbi Temreskredjuvet og opp mot stien som førte oss mot hytta på Brandrei. Tok av frå stien eit stykke før hytta og fekk med oss høgste punktet på Brennfjellet. Matpause på utsiktspunktet på Brandrei. Herfrå langs kanten ned til Paradisjuvet. Attende forbi "Demmingen" og vidare opp dei frosne myrane til hytta. Etter ein liten stopp her heldt me fram opp mot Mastrehaugfjellet, forbi varden på sør-brinken (950 moh) og vidare til høgaste punktet. Vidare til siste post for dagen, varden på Biskaholten. Attende til bilen ved Aosahytta etter omlag 5 timar.

Bilde 1: På kanten av Paradisjuvet.

Bilde 2: Geitåni

Bilde 3: Saltskredjuvet

Bilde 4: Brennfjellet, høgste punkt 932 moh.

Bilde 5: Der var me hin dagen (Store Haugmelen)

Bilde 6: På veg mot Paradisjuvet og Demningen

Bilde 7: Paradisjuvet

Bilde 8: "Demmingen"

Bilde 9: Bonsai?

Bilde 10: Gjerdesnosi

Bilde 11: Siste post for dagen, Biskaholten

Start date 25.11.2018 10:29
(UTC+01:00)
End date 25.11.2018 15:27
(UTC+01:00)
Total Time 4h 58min
Moving Time 4h 22min
Stopped Time 0h 36min
Overall Average 2.5km/h
Moving Average 2.9km/h
Distance 12.6km
Vertical meters 632m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.