Morgontur til Storheia (07.11.2018)  4

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hike
Duration 2h 00min
Distance 8.9km
Vertical meters 386m
GPS
Ascents Storheia (565m) 07.11.2018

Seminar i Trondheim som starta kl 1230, opna for at eg endeleg skulle få med meg Trondheimstoppen. Stod opp tidleg, frukost på hotellet og så drosje til Skistua. Der starta eg rett før kl 0800. Hadde sjekka at soloppgang i Trondheim var kl 0815 no, men det var heilt greitt lys då eg starta å gå. Såg sola sånn ca kl 0830, og var oppe på toppen etter 55 minutt, DVs rett før kl 0900. Eg er jo til vanleg ingen morgonfugl, men det kjendest veldig fint å ha terrenget og soloppgangen heilt for meg sjølv! Kuldegrader frå morgonen av, så kloppene var rima og ein del is og glatt, samstundes med at myrene ikkje var heilt frosne. Så både søylete og isete utan at det var noko stort problem, heldt meg på beina. Gjekk rett nedatt etter å ha tatt obligatoriske bilete. Det gjekk faktisk litt seinare, måtte passe meg meir på glatta.Men gjorde unna heile turen på 1 time og 56 minutt, og var godt nøgd med farta. Hadde tenkt å ta ein pause på Skistua og så ta første bussen nedatt kl 1025, men Skistua opna ikkje før kl 1100, så eg starta å gå vegen nedover og ringte til drosjesjåføren som henta meg etter at eg hadde gått i ein halvtime til.8,9 km, 386 hm, 1 time og 56 minutt. Sol og passe kaldt, ikkje vind. Gjekk aleine.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.