Mersskartind (31.10.2018)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Huvetoppen (639m) | 31.10.2018 16:11 |
---|---|---|
Visits of other PBEs | Trøsemarka parkering (155m) | 31.10.2018 14:52 |
Tur til Mersskartinden etter jobb. Mersskartinden er ein topp med mange namn; Huetoppen eller Huvetoppen, og det samiske Gahperoaivi. Vi parkerte på Trøsemarka parkering. Derifrå følgde vi råket opp til varden på om lag 370 moh, som ligg 1,2 kilometer sør for Flatfjellet. Der tok vi av råket og gjekk nedover myrane til stigninga opp til Mersskartinden. Stillelva, som renn ut frå Store Langvatnet, var større enn vi trudde, men vi kom oss over. Stigninga opp til Mersskartinden var bratt og lang og ein del kratt, og terrenget var glatt av underkjølt regn. Oppe på toppen var det berre så vidt vi kom oss på høgste punkt; det var ein stor steinblokk dekt av stålis. Heldigvis gjekk det eit råk med gras gjennom blokka, som vi kunne gå på og fekk så vidt henda på toppen av blokka. Det mørkna på allereie medan vi var på toppen, så lyktene kom kjapt i bruk på tur ned.
User comments