Steinetinden og Ureberget (27.10.2018)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 2h 19min
Distance 5.3km
Vertical meters 633m
GPS
Ascents Mannfallet (308m) 27.10.2018 12:33
Steinetinden (509m) 27.10.2018 13:26
Ureberget (351m) 27.10.2018 15:45
Midtre Ureberget (347m) 27.10.2018 16:00
Østre Ureberget (342m) 27.10.2018 16:16
Visits of other PBEs Ringveien p-plass (25m) 27.10.2018 12:02
Leknes (0m) 27.10.2018 17:10

Tur til Vestvågøya

Steinetinden

På veg mot parkeringa. Mannfallet til venstre, Steinetinden til høgre
På veg mot parkeringa. Mannfallet til venstre, Steinetinden til høgre

Frå Kabelvåg drog vi ut til Vestvågøya. Vi hadde eigentleg lyst til å gå på ein av dei høge toppane, men mengda med snø fekk oss frå det. Valet fall på Steinetinden ved Stamsund, aust for Leknes. Vi tenkte å parkere på parkeringa ved lysløypa, men der var det fullt, så vi fann ein ledig plass ved eit bilverkstad. Vi følgde råket over Mannfallet til Steinetinden. På denne turen møtte vi ein del folk, deriblant to hyggelege damer som vi prata lengje med på toppen. Fantastisk vêr på turen og storslått utsikt. Vi gjekk same veg ned som opp.

På turen oppover mot Mannfallet
På turen oppover mot Mannfallet
Like nedunder Mannfallet, ser ned på Stamsund
Like nedunder Mannfallet, ser ned på Stamsund
På Mannfallet
På Mannfallet
Ureberget frå Mannfallet
Ureberget frå Mannfallet
Steinetinden frå Mannfallet
Steinetinden frå Mannfallet
Attende mot Mannfallet
Attende mot Mannfallet
Steinetinden
Steinetinden
Siste stykket opp til Steinetinden
Siste stykket opp til Steinetinden
På Steintinden
På Steintinden
Attende mot Mannfallet, og over mot Vågakallen
Attende mot Mannfallet, og over mot Vågakallen

Ureberget

Mot Ureberget frå parkeringa
Mot Ureberget frå parkeringa
Innover råket, mot Breidtinden
Innover råket, mot Breidtinden

Etter turen på Steinetinden hadde vi lyst på ein tur til. Etter å ha vurdert mange forskjellige toppar, valde vi å gå på Ureberget litt lenger sør. Vi køyrde vegen så langt det gjekk før vi parkerte å gjekk i vegen mot Ureberget. Vi følgde råk eit stykke, før vi tok rett opp mot toppen. Det var ganske bratt oppover, men greitt å gå. Vi kom opp på toppryggen mellom Midtre og Østre Ureberget. Derifrå gjekk vi til Ureberget. To stader var det lagt ut tau. Den eine plassen var det kjekt med tau, men ikkje naudsynt, medan den andre staden hadde vi nok kanskje måtte kasta inn handkle utan tauet. Ikkje like bra vêr på denne turen, men fortfarande ganske bra.

Kristine på veg mot Ureberget
Kristine på veg mot Ureberget
På Ureberget
På Ureberget
Frå Ureberget mot Østtoppen
Frå Ureberget mot Østtoppen
Kjekt med tau både opp og ned denne blokka
Kjekt med tau både opp og ned denne blokka
Ureberget frå Midtre
Ureberget frå Midtre
På Midtre Ureberget
På Midtre Ureberget
Østre Ureberget
Østre Ureberget
Østre Ureberget
Østre Ureberget
På veg ned
På veg ned
Nesten ved bilen igjen
Nesten ved bilen igjen

Fleire bilder

Campingen på Kabelvåg
Steinetinden
Ureberget

GPS-spor

Turen på Ureberget. Vi byrja klokka 15.02, og brukte 1 time og 45 minuttar. Turen var på 3,5km og vi gjekk omlag 370 høgdemeter.
Turen på Ureberget. Vi byrja klokka 15.02, og brukte 1 time og 45 minuttar. Turen var på 3,5km og vi gjekk omlag 370 høgdemeter.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.