Vuorji (27.04.2016)

Written by Elementmannen

Map
Ascents Vuorji (1,024m) 27.04.2016

Heftig tur etter oppstartsmøte FLYVO i Hammerfest. Køyrde til Lakselv og overnatta på Porsanger Vertshus. Bankers over gata viste CL med Man City - Real Madrid (0-0).
Køyre til Skoganvarri der Bigmob hadde booka transport kl. 0830 med ein kar i Poranger Skooterklub. Han hekte på Dronningkarjolen og køyrde oss 22 km på ein time til Levnjasvari - eit vatn på ca. 480 moh. Siste vårsnø og overvatn, men det gjekk.
Mykje vind på vatnet, men vi fekk på Gore Tex'en og gjekk mot Cohkarassa nord langs Oppardatjohka. Mogleg betre å dra vest for Oppardasrassa...
Vind var av og på, men god sikt og sol. Lim i snøen så gjekk ikkje så fort, men kom fram etter fire timar med seig gange. Mykje vind på toppen så seig ned att med kortfeller på, stod faktisk litt telemark med det også. Lønsj nede i dalen og feller av, attende på glid, men gjekk ikkje fort. 3 timar ned til Levnjasvari.
Begge sletne, men hadde 2 små timar til vi skulle verte plukka opp så "gutsa" mot Vuorji. Litt oppe i lia vart snøen betre så kom opp og såg transporten på vatnet frå toppen. Heilfeller og riktig trasée lurt å velgje opp her.
Spant ned att og hold ein god samtale om livet på vidda med karen, mens vi venta litt til Morten kom seg ned att. Så attende i karjol og god middag med oreokake til kvelds før morgonfly til Vesterålen og meir jobb. Puh!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.