Tre turar i grenseland (14.10.2018)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Distance 4.8km
Vertical meters 210m
GPS
Ascents Lille Haugfjell (669m) 14.10.2018 13:35
Bjørnfjell (760m) 14.10.2018 14:56
Oarjjip Vardu (617m) 14.10.2018 16:12
Sør for Oarjjip Vardu (559m) 14.10.2018 16:30

Vêrutsiktane for sundag var dårlege, og vi vakna opp til lågt skydekke og regn. Etter ein diskusjon om kor vi skulle leggje turen, falt valet på Lille Haugfjell og Bjørnfjell ved Riksgränsen. På bilturen styrtregna det gjennom Evenes kommune, men ved Bjerkvik var det opphald. Opphalde vara heilt til vi drog heim attende. På bilturen såg Kristine på kartet i Sverige og fann ein topp vi kunne registrere og gå på der.

Fyste tur var på Lille Haugfjell. Det var ein kort og fin tur. Råket som var teikna inn på kartet var vanskeleg å følgje, men terrenget var greitt å gå i. To store vardar på topplatået, men berre ein liten ein på høgaste punkt. Flott utsikt.

Den andre turen var på Bjørnfjell. Dit følgde vi råk opp til ein hytte, før vi gjekk rett opp i terrenget. Stor varde og ein liten, låst hytte på toppen.

Turen i Sverige, på Orjjip Vardu, vart den lengste. Kristine hadde funne eit digitalt kart der vi såg høgda og namnet på toppen. Det var likevel lengre enn vi trudde det skulle bli. Men også dette vart ein fin tur.

Etter turane var vi på harry-handel før vi drog heim.

Lille Haugfjell

Vatnet ved trigpunktet på Lille Haugfjell
Vatnet ved trigpunktet på Lille Haugfjell
Vatnet ved trigpunktet på Lille Haugfjell
Vatnet ved trigpunktet på Lille Haugfjell
Narvik-fjell frå Lille Haugfjell
Narvik-fjell frå Lille Haugfjell
Narvik-fjell frå Lille Haugfjell
Narvik-fjell frå Lille Haugfjell
Kristine ved den vesle toppvarden på Lille Haugfjell
Kristine ved den vesle toppvarden på Lille Haugfjell
Mot Rivtind og Istind, i Lavangen/Narvik/Bardu
Mot Rivtind og Istind, i Lavangen/Narvik/Bardu
Mot Sverige
Mot Sverige
Mot Sverige ved den sørlegaste av dei to vardane
Mot Sverige ved den sørlegaste av dei to vardane
Ved trigpunktet
Ved trigpunktet

Bjørnfjell

Mot toppen
Mot toppen
Mot svenske-toppar
Mot svenske-toppar
Hytta på toppen
Hytta på toppen
Innover Sverige
Innover Sverige
Toppvarden
Toppvarden
Hule/gruve like ved hytta vi gjekk forbi nede ved vatnet
Hule/gruve like ved hytta vi gjekk forbi nede ved vatnet

Orjjip Vardu

Den siste bratta opp til toppen
Den siste bratta opp til toppen
På toppen
På toppen
Utsikt frå toppen
Utsikt frå toppen
Utsikt frå toppen
Utsikt frå toppen
På Sør for Oarjjip Vardu
På Sør for Oarjjip Vardu
Oarjjip Vardu frå sørtoppen
Oarjjip Vardu frå sørtoppen

GPS-spor

Turen på Lille Haugfjell - 1t 1min - 3,1km - 232hm
Turen på Lille Haugfjell - 1t 1min - 3,1km - 232hm
Turen på Bjørnfjell - 58 min - 2,9km - 247hm
Turen på Bjørnfjell - 58 min - 2,9km - 247hm

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.