Ein kjapp tur til Finnsåsen, Årdalstangen (13.10.2018)
Geschrieben von Hommpbollen (Tor)
Besuche anderer PBE | Finnsåsen (490m) | 13.10.2018 |
---|
Ein lett do-tur med hunden vart til ein fjelltur til Finnsåsen. Det er tross alt ikkje alt for mykje å finne på hjå mormora på tangen.
Eg følgde stien frå Tippen i bratt, sideskrått terreng langs åsen. Noko sleipt og glatt enkelte stadar, så lette joggesko utan demping var ikkje det beste valet (men dei var jo i utgangspunkmtet meint til ein heilt anna tur). Opp kom vi likevel, og vart belønna med fin utsikt ut over fjorden frå toppen!
Returen tilbake til mormora vart spedd på med litt vandring i Årdalsgatene.
Benutzerkommentare