Svarefjellet, Tindafjellet og Husaheia frå Målandsdalen (10.10.2018)
Written by Kaare_70
Ascents | Husaheia (745m) | 10.10.2018 |
---|---|---|
Svarefjellet (726m) | 10.10.2018 | |
Tindafjellet (771m) | 10.10.2018 | |
Nordaust for Tjørnadalsheia (681m) | 10.10.2018 |
Flott ettermiddagstur, og endeleg kom det finver denne våte hausten; ikkje mindre enn 18 grader i Årdal! Bratt opp til Tjødnadalsheia langs traktorvegen øvst i Målandsdalen, som gjekk unna på 45 min. Så travers av Svarefjellet, med vakker utsikt over Krokavatnet og Larsgardtjødna. Til saman 1 time 20 min hit.
Greit rett ned frå sørenden av Svarefjellet, og bratt men greit opp mot Tindafjellet frå vest. Litt opp og ned fram til den staselege varden, 35 min frå toppen av Svarefjellet. Eg måtte få med meg den flotte utsikten mot Nystøldalen aust for platået, og det vart i sanning eit realt magasug! Steike for eit stup, og for ein vakker dal innover mot Krostøl og utover mot Nystøltjødna. Det vart ikkje mindre dramatisk pga. ei veldig ras-sleppe like til høgre for der eg kom ut på kanten. Digre steinblokker nedi dalsida vitna om veldige krefter i fritt spel.
Tilbaketuren gjekk litt lenger nord, slik at eg kom ned i kanten av den største Tindafjelltjødna og vidare nord for Steinskardtjødna og tilbake til hovudstien. Det var ennå greit med tid før sola gjekk ned, så eg bestemte meg for å få med meg Husaheia vest for Hildravatnet. Holdt fint tempo over lynghei og myrer sør for Beinheia og til topps, 1 time 15 min frå toppen av Tindafjellet. Fin utsikt, men motlys mot kjende toppar og vatn i Jørpelandsheia, spesielt Vardhusheia, Reinaknuten og Liarvatnet.
Fint tempo óg tilbake til hovudstien, der det endeleg vart tid til ein liten pause når eg visste at mørket ikkje vart noko problem. Vakkert fargespel frå både hausten og solnedgangen over Svarefjellstjødna. Langt og bratt ned traktorvegen til bilen, tilbake etter snaue 4 ½ timar på tur. 4-5 ryper var alt eg såg av vilt på denne fine turen.
User comments