Trollfjellet (06.10.2018)
Skrevet av Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Bestigninger | Kjerfjordhøgda Øst (430moh) | 06.10.2018 13:25 |
---|---|---|
Kjerfjordhøgda (449moh) | 06.10.2018 13:36 | |
Trollfjellet (1009moh) | 06.10.2018 15:37 | |
Andre besøkte PBE'er | Vassbotnmyran p-plass (10moh) | 06.10.2018 17:41 |
I dag var det spådd pent vêr og vi planla stortur. Hovudmålet for turen var høgaste fjell på Tjeldøya, men også kanskje å gå på Kjerstadfjellet og/eller Helligtinden. Vêret vart diverre ikkje som spådd, det var vekslande skydekke og ein del vind og skodde.
Vi hadde tenkt til å køyre inn til parkeringa som er merka på kartet, men stoppa der det sto eit skilt med forbod mot motorisert ferdsel, så det vart eit par kilometer lengre å gå. Fint råk opp til Tindvatnet, litt dårlegare derifrå, men bra merking. Vi tok avstikkaren oppom Kjerfjordhøgda, og vurderte å prøve å finne ein veg derifrå til Kjerstadtinden, men det slo vi frå oss.
Oppover mot Trollfjellet følgde vi merkinga heilt til det vart for mykje snø til at vi såg dei. Snøen byrja på om lag 650moh. Merkinga mista vi på om lag 850moh. Dårleg vêr når vi nærma oss toppen, og det var vanskeleg å sjø konturane på snøen. Utsikta som sikkert er formidabel frå detta fjellet såg vi ikkje mykje til, men av og til flott syn mot Helligtinden og Kjerstadfjellet.
For min del vart Trollfjellet topp nr. 400 med primærfaktor over 100.
Skodde, vind og at det var tungt å gå i snøen gjorde at vi ikkje hadde lys til å ta ein lengre tur, men sa oss fornøgde med Trolltinden. Så vi gjekk same veg ned som opp. Flott tur sjølv om vêret ikkje var heilt på vår side.
Kommentarer
400 topper med pf over 100!
Skrevet av repelo 07.10.2018 00:08Gratulerer! Er litt misunnelig, her blir det mest å gå på kjente og kjære topper mellom fjøsstellene. Artig det og!
400!
Skrevet av sinyg 06.10.2018 21:45Gratulerer Hans Thorvald!