Ein av dei betre løpsturer der ute i havgapet! - Flora (28.09.2018)
Skrevet av Eikås (Janne Eikås)
Startsted | Domba/Hovden |
---|---|
Sluttsted | Domba/Hovden |
Turtype | Løpetur |
Turlengde | 2t 26min |
Distanse | 13,9km |
Høydemeter | 851m |
GPS |
![]() ![]() |
Bestigninger | Nordhovden (151moh) | 28.09.2018 |
---|---|---|
Store Skorekinna (310moh) | 28.09.2018 |
For ein del år tilbake var eg med på ein rundtur ute på nokre av desse øyane. Vi var oppom nokre av øytoppane, men eg hugsar ikkje heilt igjen kvar tur rutene gjekk då. Dette var ein tur "Øyane over" i regi Flora Turlag. https://flora.dnt.no/yane-over/
Sidan har eg ofte tenkt at eg skulle organisere ein rundtur til ei nydelig sommerhelg og då over alle øytoppane der ute, med kajakk og telt overnatting!
No har det vore stødig med regnet her i indre strøk nokre veker! Yr melder ein strålande ettermiddag og det tar ikkje lengre tid enn ca ein time til storhavet ifrå Jølster! Ferdig på jobb og heldig var eg å få skyss ut til Hovden. Kajakk hadde ikkje vore aktuelt denne gangen, fordi det var meldt kuling og regn igjen til kvelden. Det er eit flott opparbeidd stinett ute på denne øya/Nordsjøløypa. Det vart ein fantastisk fin løpstur i nydelig kulturterreng, tett inntil storhavet! Hærleg å snuse inn den mektige havlufta og kjenne vinden som var begynt å bygge seg opp igjen.


http://hovden-barekstad.no/?page_id=29&language=no
Kommentarer