Sykla på anleggsvegen sørover til Stora Gilavatnet. Blåsjø med det tilhøyrande Stora Gilavatnet har lågare vasstand enn vanlig etter den uvanlig tørre sommaren (ca 8 m under HRV) så vegen langs Gilavatnet låg ikkje under vatn slik den pleier. Fulgte så stien sørover et stykke og så på vestsida av Stora Blåfjellvatnet og Trolltjørna. Utløpsåna frå Stora Blåfjellvatnet kan ein på smale plasser hoppa over slik eg gjorde på veg sørover. Ellers må den kryssas et stykke nedanfor utløpet slik eg gjorde på returen. Trolltjørna har merkelig nok to utløpsbekker i vestenden. Her er vassføringa liten, men det er høge skrenter langs sida av bekkane.
Gjekk først opp på Nordre Svartheia, og så mellom Skarvheivatnet og 980-vatnet opp til Søra Svartheia. Såg ikkje noko trigpunkt på toppen, men kun ein liten varde. Neppe så mange så ferdas i dette området som er ganske langt frå næraste bilveg eller turisthytte. Blåbær var det og veldig lite av. Retur grovt sett same veg, men var då oppom Skarvehei.
User comments