Eikåsnipa ein våt fornøyelse! Med håp om kvitt gull på breen (14.09.2018)
Written by Eikås (Janne Eikås)
Start point | Eikås (202m) |
---|---|
Endpoint | Eikås (202m) |
Characteristic | Hike |
Distance | 5.2km |
Vertical meters | 678m |
Map |
![]() |
Ascents | Eikåsnipa (826m) | 14.09.2018 |
---|
Ganske så vått og skodda heng langt ned i fjellsida! Trolsk og vakkert og faktisk ganske så deilig å ta seg løpsturar i regnet sånne dagar! Ein blir iallefall ikkje dehydrert! Nokre dager med dette går superfint! Så slår heldigvis den fine optimismen inn, når det då fortsetter endå nokre dager til med bøttevis av kraftpenger. Det er då ein satser spesielt på at det kjem som kvitt gull, der oppe i den gode høgda! Ikkje minst oppe ved Kvannebakknova ved breen etterkvart. For ein mnd. sidan kjøpte Miriam seg nytt brett og var begynt å mase om snø. Eg hadde nok med å fordøye følelsen av kor det vart av sommeren. Kvart einaste år slår depresjonen inn over at, alt går så sabla fort. Ein får knapt tid til å nyte fullt ut kvar av dei unike varierte årstidene våre, før dei er over på eit blunk. Nokon snakker om at det er alderen som er ein medvirkande faktor! Eg tenker at det må være den største og mest grunnlause teorien som finnast! Den snikande tanken no er melisdryssa på tindane. Det i fin kombi med dei nydelige haustfargane, og at Miriam får testa sitt nye Jeremy Jones splitboard. Forhåpentligvis no på Jostedalsbreen i ny start vintersesong! Jeremy Jones er ikkje den verste "motivasjonsfaktoren/Helten til Miriam" å tenke på når ein får med seg dei håpefulle på tur :) Sjølv om det er ein lang veg å nå til desse høgder, men det er ein begynnelse og ein del av det. Det er sånn nokre eventyr starter, og blir dei gode i kvardagen uansett målsetting og ver! :)
https://www.youtube.com/watch?v=wCtpAIaOYW0
Fine kontraster!
Kommentarer