Tjønnholstinden og Tjønnholsoksle (01.09.2018)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Start point Heimdalmunnen (1,166m)
Characteristic Alpine trip
Duration 13h 00min
Distance 32.0km
Vertical meters 1,789m
GPS
Ascents Tjønnholsoksle (2,145m) 01.09.2018 08:45
Tjønnholstinden (2,330m) 01.09.2018 08:45

Då var tida kommen for ein skikkeleg langtur. Gikk frå Heimdalsmunnen og innover lyng- og myrområde i sikte litt til venstre for toppen Raudhamran. Ei grei rute. Over skaret og nedover trakk i fjellsida med tangering nede ved Leirungsåe ved omlag 1300 moh. I området like før der breelva under Munken kjem ned, kom vi oss over elva, via ei sandsteinøy.

Om lag 800 meter på andre sida av dalen, tok vi opp på høgre sida av Tjørnholsbekken. Planla å krysse elva etter vel hundre høgdemeter, og skrå opp ein liten dal. Bekken var såpass stor at vi valde å halde fram opp til flata ved vatnet. Så ca. 90 garder i vestleg retning, og sikte litt under breen. Greitt å følgje ryggen opp til toppunktet på Tjønnholsoksle.

Vi brukte litt under 6 timar (kl 14:40) til Tjønnholsoksle, medrekna pausar for mat og justering av klede. Og ikkje minst, fotografering :) Ned frå Oksla var det stadvis snø, og dette gjorde at tur-tempoet gikk ned. Vi byrja å frykte for kor langt vi måtte gå i mørkne på returen. Men etter 7 timar og 40 min. stod vi på toppen av Tjønnholstinden. Fantastisk utsikt 360. Åpent i nordleg retning til m.a. dei store memurubreane og Surtningssue. Tinde-tett og vilt vestover mot Skarvfly- Leirungs- Knutshol- og Torfinnstindar. Og med mektige Kalvehøgdmassivet stadig til stades. Frå Tjønnholstinden var utsikta til breen ned i Tjønnholet, og egga omkransa, mektig. Men også den kvasse tinden bort til Steinflytinden, med bratt fjellvegg mot nord gjorde inntrykk. Det blæs godt på toppen, og ein måtte setje sjøbein ved forflytning. Ikkje store plassen rundt varden.

Så vart det å returnere, med konsentrasjon og effektiv gonge. Vi vurderte retur ned søraust for tinden, for å korte returen. Grunna snø og muleg glatte parti, tok vi heller den trygge, men lengre ruta i retur over Tjønnholsoksle, der vi kom frå. Må legge til at toppane i tinderekkja Skarvflytindane imponerte voldsomt i retur mot Tjønnholsoksle.

Fin tur tilbake samme ruta som vi gikk opp. Vi måtte bruke hovudlyktene dei siste 20 minuttane før vi var tilbake. Klokka vippa 13 timar, få meter i frå bubilen. Appen til Peakbook sa 29,0 km, og Garmin sin GPS 32,04 km. Det var i alle høve den lengste dagstur for Marita og meg. Slik sett slitsam, men ikkje meir enn vi var førebudde på. Tilrår likevel å starte noko tidlegare denne årstida, for å ha litt betre marginar.

Tjønnholsoksle.
Tjønnholsoksle.
Tjønnholstinden.
Tjønnholstinden.
Toppvarden på Tjønnholsoksle med Tjønnholstind i bakgrunn.
Toppvarden på Tjønnholsoksle med Tjønnholstind i bakgrunn.
Marita rett under varden på Tjønnholstinden.
Marita rett under varden på Tjønnholstinden.
De blæs godt på Tjønnholstinden.
De blæs godt på Tjønnholstinden.
Tjønnholstinden med Steinflytinden til venstre.
Tjønnholstinden med Steinflytinden til venstre.
Steinflytinden.
Steinflytinden.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.