Møre og Romsdal: Store Trolla 100% (31.08.2018)  6

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Hoås (115m)
Endpoint Hoås (115m)
Characteristic Hillwalk
Duration 9h 07min
Distance 16.1km
Vertical meters 2,341m
GPS
Ascents Litlnebba (1,611m) 31.08.2018
Store Trolla S1 (1,830m) 31.08.2018
Nordre Trolla (1,797m) 31.08.2018
Store Trolla (1,842m) 31.08.2018

Møre og Romsdal pf 100 1161/1161

Oppdatering 03.09.2020: Sidan 2018 har det blitt ei rekke endringar. Nokre toppar ut av lista og nokre nye inn på lista. Dette er muleg på grunn av laserscanning av Norge som blir lagt ut på hoydedata.no. Av dei nye mangla eg 3 som vart besteget i aug/sept 2020.

Før årets sesong gjenstod det 101 toppar i kommunene Nesset, Surnadal og Sunndal. Mykje høge toppar og lange turar med andre ord. Heldigvis har veret vært upåklageleg, for å seie det forsiktig. I tillegg var nøkkelpersonen Kroksleiven meget motivert for fleire lengre periodar på Nordmøre. Har sjølvsagt gått mykje åleine og, men med så godt ver har det vært berre stas. Det er både glede, lettelse og vemod med å avslutte eit slikt prosjekt som har vart i 22 år. Tanken om å prøve å fullføre kom vel for 4-5 år sidan. Då vart vi foreldre til Vinjar, og kjøpte bubil. Har tatt ut ekstra ulønna permisjonar og reduserte stillingar. Dette hadde aldri fungert utan at Lise var like motivert og topporientert. Byferiar, syden, kafeliv og shopping er ikkje eit tema her i heimen. Det har vært ei fantastisk oppleving å reise rundt i dette kremtoppfylket. Vi har blitt kjendt med mange kjekke folk gjennom Peakbook. Takk til alle som har vore med på turar. Det sosiale er veldig viktig. Men no er altså dette kapittelet slutt. Nokre smålister ligg og lurer i bakhaudet, vi får sjå kva som skjer vidare. Sogn og Fjordane pf 100 (1168 toppar) feks verkar urealistisk med tanke på tidsbruk og motivasjon, sjølv om eg er omlag halvveis i den lista......og så litt om turen til Trolla.

Kom til Sunndalsøra torsdag kveld og kvelva meg bak i bilen. Det plinga på i telefonen, og Gunn melde seg på turen til Litlnebba og Nordre Trolla. Dersom veret og alt låg til rette for det ville vi og ta med Store Trolla på same turen. Ein skikkeleg opptur alt før turen, sleppe å gå åleine. Kom oss avgarde frå Hoås nøyaktig 1000 fredag. Enkelt opp lia og inn Fossbotnin til skaret nord for Litlnebba. Sette igjen sekkane her og gjekk til første topp. Så var det Nordre Trolla. Krevande klyving opp sørryggen, eller prøve omgå denne i vest/nordvestsida slik vi veit andre har gjort. Prøvde først vestsida. Her var det skuggevendt, vått, sleipt og kaldt. I tillegg til eit meget uryddig terreng. Leita litt, løyste ut eit par steinar og snudde. Godt å komme ut igjen i sola og opp sørryggen til klyvepunktet. Ei stor 2 meter høg steinblokk som var kløyvd møtte oss her. La igjen sekken og lurte meg inn i mellom blokkene. Det var trangt, ikkje fotfeste og dårlege tak for hendene. Brukte kroppen og pressa meg opp. Det gjekk overraskande bra. Vidare oppover mot toppen var det nokre fleire klyveparti. Det styggaste var rett før toppen der og måtte litt ut på vestsida igjen. Passerte fleire rappellslynger. Gunn prøvde eit par gongar opp mellom blokkene, men gav seg for denne gang. Det var veldig godt å være ferdig med denne ja. Vidare mot Store Trolla gjekk vi ei rute som Gunn og Johan gjekk i 2016. Fulgte ein rygg oppover før vi kryssa over nokre svaparti og inn på normalruta. Så var det grei skuring til Store Trolla. Litt av ein topp! Nordmøres flottaste tind ja. Brukte god tid på toppen til mat og foto. Gunn måtte ha "det rette" bildet til Instagram. Retur til Hoås fulgte vi normalruta. Lett å miste trakket her nokre plassar ned mot Fossbotnin. Dette var ein kjempedag. Flotte fjell og tindar, spennande klyving (nesten for mykje spenning) og fullføring av toppane i Sør-Norges finaste turfylke!

Gunn er klar for supertur frå Hoås
Gunn er klar for supertur frå Hoås
Frå Litlnebba mot Store Trolla
Frå Litlnebba mot Store Trolla
Frå Litlnebba mot Kongskrona og Dronningkrona
Frå Litlnebba mot Kongskrona og Dronningkrona
Eg har klyvra opp det første vanskelege partiet på sørryggen til Nordre Trolla. Sekken og Gunn sjåast der nede.
Eg har klyvra opp det første vanskelege partiet på sørryggen til Nordre Trolla. Sekken og Gunn sjåast der nede.
Nordre Trolla, puhhh. Rapellslynger overalt. Ser mot Store Trolla.
Nordre Trolla, puhhh. Rapellslynger overalt. Ser mot Store Trolla.
Opp ryggen mot Store Trolla. Ingen vanskar her.
Opp ryggen mot Store Trolla. Ingen vanskar her.
Siste topp i Møre og Romsdal vart Store Trolla. Ein riktig kremtopp. Her sørover mot Sunndalen.
Siste topp i Møre og Romsdal vart Store Trolla. Ein riktig kremtopp. Her sørover mot Sunndalen.
Livlege Gunn driv med fotoarbeid
Livlege Gunn driv med fotoarbeid
Mot Skarfjellet
Mot Skarfjellet
Søre Trolla
Søre Trolla
Tilbakeblikk mot Nordre Trolla. Gjekk ryggen opp frå venstre.
Tilbakeblikk mot Nordre Trolla. Gjekk ryggen opp frå venstre.
Innerdalstårnet
Innerdalstårnet
Tåga
Tåga
Hadetbra til Trollatoppane (for denne gang)
Hadetbra til Trollatoppane (for denne gang)
Så er det 800 meter ned lia til Hoås som gjenstår.
Så er det 800 meter ned lia til Hoås som gjenstår.

Litt facts!

1161 toppar fordelt på kommunene. Mange toppar er grensetoppar og finst derfor i fleire kommunelister. Smøla har ingen toppar, høgste punkt er Ramndalshaugen 70 moh. Aukra har Jærmannsburet med 99,5 som er ganske close. Kommunetoppen i Aukra er riktignok Eiskremheia 493. Denne har berre 22 meter primærfaktor mot ein høgare topp i Molde, og tel derfor ikkje i denne samanheng.

Aure (48) Aukra (0) Averøy (11) Eide (13) Fræna (25) Giske (4) Gjemnes (31) Halsa (23) Haram (24) Hareid (9) Herøy (18) Kristiansund (8) Midsund (14) Molde (20) Nesset (95) Norddal (111) Rauma (161) Rindal (26) Sande (13) Sandøy (1) Skodje (13) Smøla (0) Stordal (34) Stranda (87) Sula (3) Sunndal (114) Surnadal (89) Sykkylven (37) Tingvoll (31) Ulstein (10) Vanylven (40) Vestnes (35) Volda (56) Ørskog (17) Ørsta (98) Ålesund (6)

Antall toppar kan stige over 1161 ettersom bedre kart og målingar gjer det enklare å berekne primærfaktor ganske nøyaktig. Pr i dag er det registrert 98 toppar frå 90-99 m pf. Av desse har eg vore på 68. Alle frå 97-99 er besteget.

Første topp: Melshornet 809 Volda/Ørsta, hausten 1996

Siste topp: Store Trolla 1842 Sunndal, 31.08 2018

Høgste topp: Pyttegga 1999 Norddal/Rauma

Lavaste topp: Æafjellet 112 Haram

Høgste primærfaktor: Skårasalen 1542 Ørsta. Pf 1384m, Norge fastland nr 7.

Høgdemeter på heile prosjektet: ca 800000

Øytoppar utan båtrute eller fastlandsforbindelse: Keipen 431 Herøy (båtskyss). Høgste Riste 191 Sande (kajakk)

Vanskeligaste topp: Klovetinden 1278 Ørsta

Toppar der tau og sikringsmiddel har vore brukt: Klovetinden 1278 Ørsta. Helgehornet 1372 Ørsta. Vi sette 2 sikringar her. Svartevasstinden 1259 Rauma/Vestnes. Vi gjekk sørryggen. Det er ikkje nødvendig med sikring frå nord, men bratt. Gjuratinden 1712 Rauma/Nesset. Vi gjekk opp utan tau, men brukte det til rappell. Kvanndalstind 1744 Rauma. Store Brekketinden 1578 Sykkylven/Ørsta. Hausttur, gjekk i tau over breen. Så klyving til topps.

Andre vanskelige: Romsdalshornet 1550 Rauma. Vi gjekk Halls renne, sikring er å anbefale.

Teltturar og toppsamling, kan anbefalast:
Norddal/Rauma: Grønningsæter -> Grønningsæter
Nesset/Sunndal: Toppar aust for Eikesdalsvatnet
Norddal: Aktivitetsveke, dag 1 sjekk og dag 2,3.4.5

Finaste topp, finaste tur: Det er sjølvsagt umuleg å svare på. Ein minnest best dei siste turane.

User comments

1-10 of 17
  • -
    avatar

    Wow

    Written by mortenh 04.09.2018 23:24

    Wow og gratulerer. Egentlig ikke mer å si enn det ... også utrolig imponerende. Du fortjener en ekstra øl på Sæbø. Hva skal du forresten finne på på Sæbø? Rusle med Vinjar mens Lise spring på topper?

    PS! Nå blir det vel endelig litt kafeliv, byferie og kanskje en sydentur (PS! Det er 100mpftopper i syden også)?

    • -
      avatar

      Sv: Wow

      Written by boven 04.09.2018 23:33

      Takker. Ja Sæbø blir som du skisserer, eg gledar meg til det! Kanskje eg reiser ut av landet ein vakker dag! Ellers har vi støylen her oppe som vi er glade i.

  • -
    avatar

    For en prestasjon!

    Written by arntfla 03.09.2018 22:29

    Med fare for å vikle meg inn i svulmende adjektiver, dette var sykt, Ove. Gratulerer så mye. Kjekt å se at Klovtinden var rangert vanskeligst. Den fikk jeg på søndag! Skjønner ut fra oppsummeringen din at Vengetind ikke nødvendigvis krever sikring..(?) Og gratulerer til Lise også. Du har gode støttespillere!

    • -
      avatar

      Sv: For en prestasjon!

      Written by boven 03.09.2018 22:42

      Takker! Hugsar du at vi diskuterte M&R på Vikehornet i 2011? Konklusjonen var at dette var galemathias og ikkje gjennomførbart. Ang Klovetinden: Grattis! Vengetind er etter mitt syn grei utan sikring ja.

      • +
        avatar

        Sv: Sv: For en prestasjon!

        Written by arntfla 04.09.2018 21:32
  • -
    avatar

    Heftig livsverk

    Written by raymond_grimstad 03.09.2018 13:00

    Gratulerer . Rett og slett imponerende

  • -
    avatar

    Fantastisk

    Written by ArntO 02.09.2018 23:31

    Gratulerer!

  • -
    avatar

    Jeg bøyer meg i flosshatten.

    Written by Snilen 02.09.2018 09:06

    Stor prestasjon, også før Johan da, det er det mest bemerkelsesverdige !

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by JPV100 02.09.2018 09:03

    Gratulerer so mykje! Synd eg ikkje fekk til å bli med på denne turen! Men det var kjekt å bli med deg på fleire av toppane i Rauma!

  • -
    avatar

    Heftig!

    Written by Garm 02.09.2018 06:44

    Gratulerer med Store Trolla som avslutning på eineståande prosjekt!

    Litt bittert å måtte takke nei til å bli med denne gongen, men får ha det til gode.

    No er det Sogn & Fjordanelista som skal få unngjelde framover? :)

  • -
    avatar

    Store nasjoner hilser til Ove

    Written by otto 02.09.2018 00:04

    Felicitations), Congratulations, Gluckwunsche, Felicitaciones, Congratulazioni, Gefeliciteerd, Pozdravlyayu , Til hamingju, Onneksi olkoon, 祝贺,

  • -
    avatar

    GRATULERER

    Written by BjørnF 01.09.2018 21:10

    Dette er så imponerende at det er helt ufattelig. Og i så ung alder! Jeg bøyer meg i støvet.

    • -
      avatar

      Ung gammal mann

      Written by boven 01.09.2018 23:18

      Ung alder ja hehe. 49,5 er vel kanskje det i denne modningsidretten.

  • -
    avatar

    Gratulerer!!

    Written by janyga 01.09.2018 20:57

    Du er et fenomen. Komme fra Sogn og Fjordane og gå alle toppene i Møre og Romsdal.. Kremtopp den siste, Store Trolla er Nordmøres flotteste tind!

1-10 of 17
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.