Rognnebba med omliggende fjell (10.07.2018)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Start point Vindøldalen P-plass (340m)
Characteristic Trip by foot
Map
Ascents Botnnebba (1,278m) 10.07.2018
Fruhøtta (1,435m) 10.07.2018
Rognnebba (1,494m) 10.07.2018
Styggelifjellet (1,026m) 10.07.2018

Ein langtur for minneboka. Med sykkel frå Vindøldalen P-plass inn til skilting mot Eiterdalen, og enda litt vidare over brua. Derifrå sette tannlegen marsjtempo og trødde sti, så det var berre å ta los. Rett opp mot lia av Styggelifjellet, som følgjet konkluderte med fortjente navnet sitt. Vel opp lia var det fint vidare til det høgste punktet. Derifrå litt nordover for å kome opp på ryggen til Fruhøtta. Over toppen og vidare ned på sørsida langs ryggen mot Pekhøtta. Mellom 1195 og 1187 bratt ned til Nordåbotn og vidare opp til det lågaste punktet mellom Botnnebba og Rognnebba. Raskt besøk opp på Botnnenbba før dagens hovudatraksjon, Rognnebba, blei bestege. Høg og mektig ragar ho, og kan utover majestetisk positur skilte med å konkurrere med Neådalssnota om tittelen "Trollheimens minst tilgjengelege fjell" målt i kilometer frå (bil)veg. Ein dag må ein ut med kilometermålar og få klarheit i den saka. Uansett, ned på østsida, kor det blei beslutta å prøve seg ned mot Fagerlidalen før ein kom seg opp på Litlnebba/1246. Ei dårleg avgjersle, som resulterte i at vi blei gåande rundt Litlnebba på nordsia, ca 100 meter frå toppen på det nærmaste, men aldri heilt oppe. Skulle prosjektet om alle Trollheimens smultringar bli noko ein ønskjer å fullføre, må ein finne vegen tilbake hit. Uansett kom vi oss omsider ned i dalføret, fulgte Fagerlidalsbekken ned, kryssa vassdraget frå Vassdalen, og fann omsider grusveg ned til syklane. Tilbake i bilane med 14 timar i skoa, to overtråkk og ein fantastisk tur i sekken. Totalt fire i følgjet, ein i galant kvileskjær under, medan Neådalssnota følgjer spent med i bakgrunnen.

User comments

  • -
    avatar

    !!

    Written by erlendlu 15.08.2019 15:08

    Kje kall me tannlegen, kallj me joss

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.