Storsalen og Somrungnebber (04.07.2018)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Start point Fale bru parkeringsplass (80m)
Characteristic Trip by foot
Map
Ascents Litlsomrungnebba (1,700m) 04.07.2018
Litlsomrungnebba sørvest (1,657m) 04.07.2018
Storsalen vesttoppen (1,715m) 04.07.2018
Storsomrungnebba (1,799m) 04.07.2018
Visits of other PBEs Skrøu (355m) 04.07.2018

Runde rundt om Somrungnebbene og Storsalen. Start frå Fale bru og oppover lia i morgontåke. Vel oppe flatt i retning mot Tverrådalen, og forbi dei to hyttene som ligg her. Eigaren av den eine møtte eg vel nede igjen ved Fale bru. Han kunne rapportere om dårleg fiskelykke i Driva denne dagen. Går inn til vatnet 1061, og går av stien østover opp mot ryggen av Litlsomrungnebba sørvest. På tur oppover byrja tåka å lette, og Sunndalen åpenbara seg i det ein vakker sommardag tek til. Lettgått ur opp mot toppen. Frå toppvarden går eg litt tilbake før eg rundar ned på vestsida og inn på ryggen mellom Litlsomrungnebba sørvest og hovedtoppen. Litt klyving for å kome seg ned, og noko sleip mose, men ikkje av sorten som byr på store vanskar. Fint opp mot Litlsomrungnebbas hovudtopp. Deretter vidare ned og opp att på Storsomrungnebba. Herifrå var plana opprinneleg å ta ein avstikkar til Pyramiden og Østre Somrungnebba, men det byrja å skorte på vatnet, så desse toppane fekk vente. Derfor gjekk vandringa vidare opp til Storsalen sin østtopp, og via breen over til vesttoppen. Derifrå bratt ned til Tverrådalen og Tverrådalsvatnet for eit forfriskande påfyll av vatn. Retur gjennom Tverrådalen og ned same vegen som opp. Ein fantastisk runde!

Tåka ligg som eit tak over Sunndalen, men må snart gje tapt for sommarsola.
Tåka ligg som eit tak over Sunndalen, men må snart gje tapt for sommarsola.
Nedover Innerdalen frå Storsalen. Fagert er landet.
Nedover Innerdalen frå Storsalen. Fagert er landet.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.