Grøvelnebba (10.09.2017)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Start point Gjersvoll (30m)
Characteristic Trip by foot
Map
Ascents Fulånebba (1,234m) 10.09.2017
Grøvelnebba (1,428m) 10.09.2017

Om Seterhaugen og Øverhaugløa. Ei rute ingen av følgjet på tre vil anbefale nokon andre å ta fatt på. Etter å ha kome opp til Øverhaugløa bestemte vi oss for å traversere lia på skrå oppover i retning Grøvelnebba, slik nokre av turrapportane vi hadde lest beskreiv det. Dette ble lite hyggeleg, og utan sti og med tett kratt blei det dryge meter før vi sto under oppstigninga til Grøvelnebba. Herifrå skifta derimot turen karakter, og fin og morosam klyving til toppen gjorde godt for humøret. Fantastisk utsikt ned til Sunndalen og utover fjorden heile vegen opp. Eit forsøk på ei litt anna rute ned gav ikke mykje betre resultat enn turen opp, og vi ankom bilane godt oppripa av småbjørk og anna uvenleg vegetasjon. Moralen blei: Grøvelnebba er eit vakkert fjell vel verdt eit besøk, men ruta vi gjekk opp denne dagen var ikkje eit godt alternativ. Vi burde gått opp til Mohaugen frå Øverhaugløa, og fulgt ryggen derifrå bort mot Grøvelnebba. I og med at nordryggen ikkje stod på plana i dag kunne vi da ha runda ned på vestsida, og teke oss opp frå sør-vest, slik vi endte opp med å gjere denne dagen. Same plana kunne ein ha hatt om ein besteg Mohaugen frå østsida. Begge ville nok gjeve ein finare innmarsj enn det vi fekk.

Ein må stoppe for å ta inn over seg den fantastiske utsikta på tur opp til Grøvelnebba.
Ein må stoppe for å ta inn over seg den fantastiske utsikta på tur opp til Grøvelnebba.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.