Dagens andre: Himmelsyna (26.08.2018)  5

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 2h 15min
Distance 8.3km
Vertical meters 368m
GPS
Ascents Sør for Himmelsyna (645m) 26.08.2018
Dei to dagane i Austre Agder innebar vel til saman 70 mil med bilkøyring eller meir frå Oslo. Fotavtrykket var altså ikkje noko å skryte av. Frå Espeli greidde eg dessutan å køyre feil, og det skjønte eg ikkje før eg kom til åseral, eg berre koste meg i augustsola. Så eg måtte ned eit godt stykke før eg tok mot aust att og hamna i Evje att. Handla i sundagsopen butikk, og dura vidare i retning Risdal att, for no skulle eg få med meg Himmelsyna, og hadde for ein gang skuld planlagt til, det såg best og kortast ut å ta toppen frå Risdal, dvs Vatne. Eg gjekk jo derifra til Befjell dagen før, og var liksom litt kjend. Det gjekk greitt oppover grusvegen, men møtte heilt uventa og det var då slett ikkje nemnt i rapportane, ein låst bom. Så parkert i vegkanten og tok beina fatt. Eg gjekk opp til snuplassen forbi ei hytta om låg over vegen, og heldt så fram på køyrbar traktorveg. Eit stykke inn, men ikkje heilt der traktorvegen stoppar på kartet, var det raudmerkt spor til venstre. Skispor dette. Deilig å gå på "veg", men oppe på den store myra eg kom til, svinga løypa vekk frå toppen eg skulle opp på, så eg droppa løypa, og dura rett opp lia. Det var bratt, men det gjekk greitt. Då eg stakk nesa oppover kanten, gejkk eg rett inn på skisporet att, så den hadde vel runda åsen og kome tilbake. Toppen var fin den, like vidt utsyn her, men mykje betre organisert topp da, med skilting og sitjeplassar og tønne med bok osb. Svinga også bortom den vesle markerte kommunetoppen. Då eg hadde starta på heimturen, høyrde eg røyster og snudde meg og såg folk på veg til varden frå annan kant. Det var dei einaste menneska eg såg snurten av denne dagen. Busha ned lia igjen, og så ned til bilen. Brukte 2 timar og 14 på 8,3 km, inkludert ein spisepause. Stigninga var på 368 hm, og eg gjekk stadig aleine. Etterpå starta den lange bilturen hem til Oslo.Det var for langt på dag til at eg hadde rekt Lillesand som eg hadde håpa å få med meg. så eg har enda ein topp igjen før Aust-Agder er fullført.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.