Meldt noko regn idag, men var likevel ganske så heldig med turen! Opplett og nokre fine solglytt! Snakka med bonden på garden om parkering nede ved vegen, noko som var heilt greit. Følgde skogsvegen ifrå garden og oppover ca 2,2 km. Rødmerka sti vidare inn til Skardvatnet. Sidan fann eg ein slags bratt sti rett opp til toppen ifrå Årnesstølen. Nydelige haustfargar. Nede i tunet rakk eg akkurat å hjelpe bonden med å sanke ihop sauene som var på rømmen etter betre beiter :) Derfor litt merkelig sporlogg på slutten av turen!
Ifrå toppen av Årnesholten kan ein sjå blandt anna ned til garden som var startutgangspunktet for turen ved Hestadfjorden mellom alle dei andre vatna som: Nesavatnet og det ganske så store Viksdalsvatnet
User comments