Romhesten (24.08.2018)  5

Written by Hommpbollen (Tor)

Characteristic Hillwalk
Duration 7h 30min
Distance 12.8km
Vertical meters 1,235m
GPS
Ascents Romhesten (1,216m) 24.08.2018 20:14

Så var turen komen til Romhesten, saman med Imperialblade (eller Stian som han som kjend heiter). Vi fekk skyss med båt frå Jordal, og sette avgarde i frå Lidal til fots.

Eit lite stykke oppover skogen kom vi over eit lam som sat fast i eit gamalt gjerde. Følte meg skikkeleg Lars Monsen då eg fiska opp Leatherman-en og skar laus dyret. Dagens god gjerning.

Vidare følgde vi linjetraseen oppover til vi traff på den kryssande stien.

Turen gjekk i relativt slakt terreng oppover ryggen, slik at det aldri vart eit skikkeleg slit. God utsikt var det og, på ein elles frisk dag. Trolsk stemning.

Litt småklyving enkelte stadar på siste vegen oppover til toppen. Men det var vel meir for bileta si skuld enn for nødvendigheita. her kunne vi nok gått rundt.

Toppen like forut!

Stian ser på widerøe-flyet som tek av frå, tja, Rambera i vik? Eller så er det det forbanna hakket på linsa igjen. Trur det ja..

Toppen nådd og utsikten er genial. Då passar det men ein giv akt til mor natur.

...og så ein kopp kaffi.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.