Horndalsnuten (14.01.2012)

Written by SÅH (Sven-Åge Hauge) GSM

Map
Ascents Horndalsnuten (1,461m) 14.01.2012

I dag tok eg og Aina turen på Horndalsnuten 1461m. Me starta heimifrå kl 0800 og etter ein kort stans for å fylle statoilkoppen på Voss bar det oppover Raundalen.
Me parkert bilen på Skiple. kl 1030 var me var klare til å gå frå bilen, og då dukka Glenn og Alexander opp. Dei hadde parkert litt lenger oppe og kom nedetter veien på ski. Dei skulle også på Horndalsnuten. Eg var klar over at dei hadde dette målet i dag men forventa ikkje at det skulle klaffe sånn at me starta samtidig.
Me fulgte traktorveien som går mot Horndalen ca 2,7km. Der veien går over til sti mot Horndalen tok me rett oppover eit bekkefar til ca 800m der me dreia østover og opp på ryggen(Horndalsbruni) og fulgte ryggen til toppen. Bortsett frå enkelte parti med hard skare var det flotte forhold. Det hadde vert noko flatt lys og dårlig sikt oppover men då me nærma oss toppen bedra dette seg. Me var på toppen kl 1420.
Etter litt mat og drikke på toppen bar det nedover. Me valgte samme rute ned som den me kom opp. Det var artig kjøring ned att.
Eg hadde avtale heime og fekk det travelt tilbake til bilen. Då eg kom heim hadde eg 20min på å pakke ny sekk so bar det til fjells i gapahuken for overnatting der :-)
Bilder:
http://www.utifriluft.com/Ski-og-toppturer-vinter/Horndalsnuten-140112/21038746_DtScdx#!i=1672759883&k=nWRv53r

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.