Jotind (21.08.2018)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 4h 40min
Distance 14.5km
Vertical meters 1,206m
GPS
Ascents Jotind Ø1 (900m) 21.08.2018 19:18
Jotind (980m) 21.08.2018 19:55
Jotind Ø2 (789m) 21.08.2018 20:47

«Kort tur etter jobb». Det var meininga denne kvelden. Medan vi åt nokre kakuskivar og planla tur såg vi på å gå på Brattfjellet og Nordfjellkjølen, to toppar på 400 og 500 meter i Skånland. Dette forandra vi til Siriskolten på om lag 658 moh på Tjeldøya i det vi drog. Men like før vi kom til brua over til Tjeldøya dukka Jotind opp, og vi forandra nok ein gong. Utan å ha sett skikkeleg på kartet kor langt det var gjekk vi i vegen mot Jotinden. Vêret var ikkje det heilt store. Det var overskya, litt vind og det kom nokre regndropar av og til i byrjinga av turen. Råket var veldig godt til å begynne med, men etter der det delte seg, på om lag 300 moh, vart det dårlegare. Vi mista og fann det at mange gonger, og det var berre spredt varding. Da vi kom opp på omlag høgd 800 moh vart det skodde, han vara til vi var nede at på same høgde. Opp til toppen følgde vi råket som er teikna inn på kartet, det vart nokre ekstra høgdemeter. Ettersom vi ikkje hadde tenkt å gå ein så lang tur og ikkje hadde tatt med oss ekstra varme klede eller mat, vart vi småkalde og svoltne. På turen gjekk vi oppom to småtoppar, den eine ligg langs vegen, kartet lar seg ikkje zoome skikkeleg inn, så høgde og primærfaktor er vanskeleg å avgjera. Alt i alt vart det ein fin tur.

På fortoppen eg har kalt Jotind Ø1
På fortoppen eg har kalt Jotind Ø1
Flott varde på toppen, men surt vêr.
Flott varde på toppen, men surt vêr.
På toppen eg har kalt Ø2
På toppen eg har kalt Ø2
Opp at mot Ø2
Opp at mot Ø2
Mot Ramsund
Mot Ramsund

User comments

  • -
    avatar

    Jotind

    Written by repelo 21.08.2018 23:57

    Litt av en tur etter jobb! Dere må bli skikkelig godt kjent i området etterhvert.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.