Fem vatn og tre toppar i Moldemarka (01.08.2018)

Written by torehum (Tore Humstad) GSM

Characteristic Jogging
Duration 2h 48min
Distance 15.5km
Vertical meters 1,792m
GPS
Ascents Tusenårsvarden (530m) 01.08.2018
Tågheia (513m) 01.08.2018
Varden i Molde (414m) 01.08.2018

Under gode forhold som god varme både i luft og vatn, låg det endeleg til rette for dette prosjektet; swimrun i Moldemarka. Turen gjekk over Tågheia (512 moh), Bjørsettjønna (455 moh), Audunstjønnan (452 og 454 moh), Moldeheia (530 moh), Øverlandsvatnet (254 moh) og Fjellbrudammen (180 moh).

Greie svømmefohold i dei fleste vatna, men litt trått over Øverlandsvatnet pga. grunt vatn og vassplantar.

Eg hadde GPS-klokka på handleddet på Bjørsettjønna (derav sikksakk-sporet) men flytte den over i vasstett pakkpose på slep i overflata på dei neste. Sistnemnde funka best for nøyaktig sporlogg.

Her er forresten litt folkeopplysning om Audun Aagesen som Audunstjønnan er oppkalt etter (frå Holsbøvåg, 2010):

''I Audunstjønnan har ein namnet til den tiltakssame eigaren av Reknes på 1600-talet, Audun
Aagesen. Setra hans var Audunsstølen. Denne stølen nedanfor skihytta til MOI har òg vore kalla Reknesstølen. Sverre Gjendem seier at han ikkje kunne sjå restar etter setra. Mannen som kanskje hadde 20 ungar med to kjerringar, har òg fått namnet sitt med i Audunselva. Kvifor det står Anderselva på det nyaste bykartet, er uklårt. På gamle kart stod det Audunshø på Frænavarden/ Middagsfjellet. Amund Helland nemner òg dette fjellet som Audunshø, 587 m høgt (s. 315 i del ll Romsdals amt i Norges land og folk). I del l, s. 304 har han Andurshø som truleg er ein trykkfeil. Ein legg merke til at Audunshø har ubunden form, og det er uvanleg i naturnamn i denne landsdelen. Grunnordet hø høyrer heller ikkje heime så langt ut mot kysten. Namnet må helst ha vore gjeve av folk som ikkje hadde bakgrunn i lokalmiljøet. Det vart ein dåm av høgfjell med å bruke hø. Truleg tala dei innfødde om Frenvarden. På nyare kart har Audunshø vorte flytta noko mot sørvest.''

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.