Kotor (06.08.2018)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 0h 33min
Distance 1.4km
Vertical meters 12m
GPS
Ascents Kotor Fortress (260m) 06.08.2018 18:45

Måndag byrja vi dagen med ein god hotellfrukost, før vi kosa oss på stranda nokre timar. Vi gjekk til Kotor, og åt middag i den vakre gamlebyen. Etter middagen var vi ein liten tur på eit kjøpesenter rett utanfor gamlebyen. Rundt gamlebyen er det storslagne bymurar, som går opp til ein borg på 260 moh. Vi betalte inngangen på åtte euro kvar for å gå på muren. Vi gjekk opp til borgen, eit stykke opp på muren var det ei flott kyrkje. Sjølv om vi gjekk på kvelden var det varmt å gå dei 260 høgdemetrane til toppen. I følgje kartet er det ikkje mykje primærfaktor på borgen, men det er ein del meir enn kva kartet visar. Satt på appen oppe på toppen og gjekk med han ned att, hugsa ikkje å skru han av før vi var ute av gamlebyen. Etter toppturen gjekk vi innom ein matbutikk. Der fylte vi opp alkoholkvota, så vi bar tunge sekker dei 3-4 kilometrane tilbake til hotellet.

På tur inn til Kotor
På tur inn til Kotor
På tur inn til Kotor
På tur inn til Kotor
På tur inn til Kotor
På tur inn til Kotor
Muren til gamlebyen i Kotor
Muren til gamlebyen i Kotor
Fisker
Fisker
Kotor
Kotor
Opp mot borgen
Opp mot borgen
På bymuren
På bymuren
Ei kyrkje i gamlebyen
Ei kyrkje i gamlebyen
Oppover mot borgen
Oppover mot borgen
Oppover mot borgen
Oppover mot borgen
Kyrkja på veg opp til borgen
Kyrkja på veg opp til borgen
Siste biten opp til borgen
Siste biten opp til borgen
På borgen
På borgen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.