Velji Grad (05.08.2018)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 1h 26min
Distance 5.2km
Vertical meters 364m
GPS
Ascents Velji Grad (497m) 05.08.2018 14:42

Laurdag hadde vi ein lat og roleg dag i Utjeha. God hotellfrukost, etterfølgd av soling og bading heile dagen. Middagen vart eit kulinarisk høgdepunkt på turen; biff fylt med geitost i soppsaus, med stekte poteter og salat. Etter middagen såg vi på den flottaste solnedgangen eg har sett.

Sundag skulle vi til Kotor, vi hadde bestilt hotell i Muo, fire kilometer nordvest for byen. På vegen hadde vi tenkt oss på Rumija (1595 moh.) ved Stari Bar, men bilvegen vart litt for heftig for den vesle leigebilen vår. Vi hadde også sett på Stirovnik (1749 moh.) men googlemaps viste at vegen ned til Kotor derifrå var stengd, så vi slo det frå oss. Seinare såg det ut til at det berre var tull, diverre. Vi såg oss ut toppen Velji Grad ved Sutomore, den kom vi oss på.

Vi klundra litt med å finne riktig bilveg, men til slutt fekk kartlesar Kristine losa oss på rett kjøl, etter å køyrd bil gjennom Sutomores svar på Karl Johan. Eg var nok like sveitt på bilturen som eg vart på toppturen i 35 grader etterpå.

Turen opp til Velji Grad var ikkje okke bratt eller lang, men gud betre så tungt i varmen. Kristine var den som bar sekk med drikke, men måtte likevel vente på meg. Like før toppen såg Kristine ein slange, men ved nøyare ettersyn såg vi at han var daud, då fleire veps dreiv å åt på han. Etter turen låg vi lengje på stranda og bada, før vi drog til Kotor.

Slange på Velji Grad
Slange på Velji Grad
På Velji Grad
På Velji Grad
På Velji Grad
På Velji Grad
På Velji Grad
På Velji Grad
Bading og solnedgang i Utjeha

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.