Høgronden travers (03.08.2018)  6

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Alpine trip
Duration 11h 58min
Distance 24.4km
Vertical meters 1,736m
GPS
Ascents Digerronden (2,016m) 03.08.2018 07:13
Digerronden Sørøst (1,860m) 03.08.2018 07:13
Høgronden (2,115m) 03.08.2018 07:13
Vest for Høgronden (1,900m) 03.08.2018 07:13
Midtronden Aust (2,044m) 03.08.2018 07:13
Vest for Midtronden Aust (2,035m) 03.08.2018 07:13
Midtronden Vest (2,060m) 03.08.2018 07:13
Øst for Midtronden Vest (2,057m) 03.08.2018 07:13
Visits of other PBEs Dørålseter parkering (1,046m) 03.08.2018 07:13
Døråe Helårsbro (1,031m) 03.08.2018 07:28

Rondane travers i dag. For ei oppleving å vandre til, og over så mektige fjell. Vi brukte 12 timar, og var godt slitne då vi nådde Dørålseter litt over kl. 19. Dagen før hadde vi parkert bubilen ved turisthytta Nedre Dørålseter. Vi fekk orkesterplass til det vakre panoramaet. Vi tilbaud betaling for parkering og lading. Svaret var at vi kunne stå der gratis, og lading av mobilar og klokker, ville dei heller ikkje ha betalt for. For ein sørvis. Vi kvitterte med å handle litt hjå dei.

Turen innover dalen gav opplevingar heile vegen. Frå dødisgropene, dei enorme sandhaugane, morenen, og fjella. Seinstablar i ulik form og fasong. Under vegs kom vi i prat med eit ung tysk par, som hadde tenkt seg på Høgronden. Dei var litt usikre i starten, om dei var på rett veg. Ca. 20 min. frå toppen ville ein av dei to gi seg. Men vi forklara at det ikkje blei brattare, eller meir luftig lenger opp. Dei mana seg opp, og kom til topps. På toppen takka dei oss for informasjon og råd. Det som ikkje er så vanskeleg kan verke skummelt når ein ikkje veit kva som ventar, og ikkje er vande i slike enorme omgjevnader som Rondane. Vårt tyske kortvarige bekjentskap frå Bavaria i Syd-Tyskland returnerte, medan vi heldt fram traversen og tok til nedstigninga til bandet mellom Høgronden og Midtronden aust. Greitt og kjapt ned ca. 300 høgdemeter.

Så byrja oppstigninga mot Midtronden aust. Lett, men bratt. Vi nådde toppen noko kjappare enn rekna med. Og undervegs opp, fekk vi studere ruta vidare, der det er grøn trekant opp mot Midtronden Vest. Såg greitt ut, og det var det. Eit eventyr egentleg, å bevege seg opp og ned i ur av ulik dimensjon og konsistens. Å vere så langt frå basen, og med nydeleg utsikt, kontrastar, og nye detaljar som stadig dukka opp. Turen kjendest etter kvart når vi tok til på sist stigninga opp mot Digerronden. Fordelen med å gå traversen denne vegen, er at stigninga til neste topp er lægre, enn om ein skulle avslutte opp til Høgronden.

På veg opp fyrste Midtronden såg vi at det kom tre personar etter oss. Då vi kom til siste toppen, Digerronden, nådde dei oss att. Dei var frå Skårbu, og samla toppar, som oss. Vi holdt følgje ned til Salen. Det byrja å røyne på i ura ned frå Digeronden. Denne sida var laus, og dette vart også ei stadfesting på at vi gikk rett veg (med klokka). Så vart det ein noko lang retur til Dørålseter. Siste 20 min. byrja eg å bli både noko sårføtt, og svært svolten. Hærleg å ha gjennomført, og tre minuttar etter at vi var tilbake i bubilen, kom det ei kraftig regnbyge. Litt flaks skal ein også ha. Ei fantastisk oppleving.

Midtronden - austtoppen, sett frå aust.
Midtronden - austtoppen, sett frå aust.
Midtronden austtoppen, sett tilbake på (frå vest)
Midtronden austtoppen, sett tilbake på (frå vest)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.