Hårteigen - endeleg! (01.08.2018)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 17h 30min
Distance 59.0km
Vertical meters 1,973m
GPS
Ascents Hårteigen (1,689m) 01.08.2018
Etter fin overnatting på Jaunsen gjestgjevargard i Granvin, køyrde vi frå Øvre Eidfjord til Hjølmo, opp hårnålssvingane og til parkeringa på Hjølmoberget på tysdag. Rart at vi ikkje måtte betale korkje for vegen eller parkeringa, kven er det eigenleg som kostar denne spektakulære turistvegen?
Visste at det var meldt regn, men tenkte vi skulle bruke regndagen på transportetappen inn til Hadlaskard. Vi fekk ei skur då vi pakka maten i sekkane og fekk på oss sko, men så opphald heile det første stykket, inn til Vivelid tok det ca ein time, og ein ny time inn til Hedlo. Lett å gå, liten bom at vi først kryssa brua bort til Vivelid, men tok oss raskt inn igjen, og gjekk tilbake og heldt austsida av Veig inn til Hedlo. Spiste inne i "resepsjonen" og kjøpte kaffi og te der. Då vi starta frå Hedlo kom det varsla regnet. Og regnet kom med sterk vind imot eller i beste fall på tvers, og over det høge partiet, Hadlaskardhalsen, trur eg det heitte, fekk vi torevêr som small om øyrene, det var litt ekkelt der vi gjekk ganske utsette. Vi brukte 4 timar og 45 minutt inn til Hadlaskard, bada i elva før vi starta med middag og kos.
Dagen etter var som den skulle vere, sol og lite vind. Passe varmt. Vi tok det med ro, gjorde vakejobben vår, og starta kl 1100. Nydeleg terreng og vakker stig innover. Ved stølen Vierdalen måtte vi ta av støvlane og vasse. Ved den store opne grasdalen før klatringa starta, høyrde vi musvålskrik både opp og ned, nett slik det er nemnt i andre rapportar.
Under toppen spiste vi i overskya vêr, første og einaste gong det ikkje var sol på turen. Vi hadde brukt 2 timar og 45 minutt inn til toppen. Vi sette frå oss sekkane og snakka litt med to menn som kom ned urda, og som sa at det skumlaste var den lause urda, ikkje det luftige hjørnet lenger opp. Det stemte. Eg som er litt høgderedd, hadde ikkje problem med partiet der det var lagt ut tau, og heller ikkje staden der det var vaier og jernboltar. vi brukte knappe 30 minutt opp til toppen. Der oppe hadde vi selskap av to danskar. Vi tok oss god tid, hadde perfekt rundskode, og det var lite vind. For ein topp! Vi kjende att fleire toppar vi alt har gjort til våre, Sandfloegga og Nupseggi, Folgefonna og Hardangerjøkulen, - og Gaustatoppen langt i aust!
Heimvegen gjekk greitt. Tok ein pause i musvåkdalen, og ved Vierdalen,elles gjekk vi radig på. Var heime på Hadlaskard etter 7 timar og 35 minutt, 5 timar og 47 timar med gåing.
Dagen etter bar det tilbake til Hjølmoberget. Gråver med ei regnskur før Hedlo. Fasiten blei 59 km, 1973 hm, 17,5 timar med nettogåing og tre heile dagar disponerte.
Største investeringa i ein kommunetopp så langt! Kjempegodt nøgd, stor oppleving i godt selskap. Anne, Eirik og Tom var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.