Olsskavlen frå Raundalen (30.07.2018)  5

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 4h 42min
Distance 14.0km
Vertical meters 1,166m
GPS
Ascents Olsskavlen (1,576m) 30.07.2018

Kommunetoppferie med Anne og Eirik resulterte berre i to toppar i år. Det var jo fordi vi på impuls i bilen vestover bestemte oss for å setje av tre dagar til Hårteigen, dei tre dagane måtte vi jo før eller sidan setje av uansett, og opp Hallingdal på veg til Voss fall vi ned på dette alternativet, etter først ha vurdert ein runde i Stølsheimen. Men aller først ville vi ha med oss Olsskavlen, dobbel kommunetopp delt mellom Voss og Granvin.
Vi overnatta flott på Fleischers, provianterte og gjekk i sportsbutikkar, før vi køyrde opp Raundalen for å finne parkeringsplassen som vi hadde sett fleire omtale etter Reimegrenda og Voll. Den fanst ikkje lenger, plassen var avstengt med nokre improviserte kubbar og på stativet med parkeringsboks, stod det no eit parkering forbode-skilt. På motsett sida av vegen var det også avstengt. Så vi køyrde litt tilbake og parkerte utafor vegbanen nesten vis av vis huset på Voll. Plass til éin bil der.
Vi gjekk skogsstigen bratt oppover til Vollbotnstølen. Det ligg på ca 780 hm, og stigninga var altså på ca 200 hm. Så heldt vi til høgre rett etter første huset på høgre hand, kryssa bekken over i fin bru, og gjekk så rett opp lyngbakken til vi var på Tungefjellet 1073 moh. På vegen ned følgde eg ein stig, og eg trur i retrospekt at det hadde vore snillare å halde til høgre på skrå då vi gjekk oppover, og så gå tilbake mot venstre og følgje stigen til Tungefjellet. Men det vi gjorde var jo effektiv stigning da! Derifra var det rett og slett urd i 400 hm oppover. Vi hadde tørt vêr og fin sikt, men vind. Mykje snøfonner høgst oppe, ein luretopp med varde kom vi til først, men så den høgare toppen rett bak. Frå sjølve toppen såg vi Sørfjorden og Folgefonna den eine vegen, og Hardangerjøkulen den andre vegen. Det bles friskt, så vi gjekk ned til den nedre varden og åt niste i le der. Nedturen i urda gjekk greitt, prøvde å følgje stigen nedover, men mista den litt, det gjekk likevel like raskt som å bushe ned lia trur eg. Denne toppen innebar litt tøffare oppstigning enn eg hadde sett for meg. 400 hm i urd er litt i overkant, men urda er stort sett stabil, så det hjelper jo.
Anne, Eirik og Tom var med. 5 timar og 49 min., 1166 hm, 14 km.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.