Spåtind, Etnedal (30.07.2018)

Written by Elementmannen

Duration 3h 19min
Distance 12.0km
Vertical meters 519m
GPS
Ascents Spåtind, vest for (1,374m) 30.07.2018 14:44
Spåtind (1,414m) 30.07.2018 15:01
Visits of other PBEs Spåtind Feplassen parkeringslomme (1,015m) 30.07.2018 13:26
Spåtind - høyde 1197 m utsiktspunkt (1,197m) 30.07.2018 13:58
Fjellsetra-Lenningen stidele (1,391m) 30.07.2018 14:55

Etter flotte Utvikdagar etter flaumen i fjor satt vi kursen over Strynefjellet, til Bakeriet i Lom, over Valdresflya og til topptursamlar Bigmob med frøken. Mykje moro fjellsnakk før vi dagen etter hadde best oss for ny tur til Lenningen, men denne gangen austover i staden for vest (mot Djuptjernkampen).
Vi valgte lettaste trasé frå Feplassen og lunta oppover i grei vind, men med fin temperatur. Dagens flottaste møte var med 19 hestar av alle slag, nysgjerrige, men respektkrevande. Cowboytida må ha vore malerisk…
Etter gode 1,5 timar kom vi til tops, fann ly bak militærbygg og fekk oss litt mat og preika med ein danske før vi tok toppbileta og rusla ned att. Veldig tørre tjern, daude lemen, overskya, men med ein del utsikt – I det store ein grei og lett tur på gode stier for alle aldre. Hugs å helse på hestane båe vegar.

Tid opp: 1t 34 min
Totaltid 3t 17min
Dagens dyr: Hest, lemen, sau

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.