Bakkanosi (29.07.2018)  6

Written by oyestian (Stian Øye)

Start point Jordalen
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 28min
Map
Ascents Bakkanosi (1,398m) 29.07.2018 13:00

Hadde høyrt om den fantastiske utsikta frå Bakkanosi og ned til Nærøyfjorden og fjella omkring. Såg på yr.no at meldingane var gode. Starta med å køyre frå Sogndal til Jordalen, leita litt etter startpunktet sidan skiltet var borte. Spurte ein bonde og fekk vite at eg kunne parkere på skulen og starte ved traktorvegen like ved.

Traktorvegen var bratt og i varmen slukte den ein del krefter, i enden av vegen og etter omlag 300 høgdemeter kom me til ei sæter, dalen åpna seg og me tok ei lita drikkepause. Fortsette innover dalen der det var nokså flatt i nokre kilometer før me starta på bakkane opp mot slettedalstjørni. Her mista me stien når me passerte elva, den var ikkje merka og me fann den ikkje igjen før på tilbaketuren. Gikk difor på feil side av tjørni og feil heilt til Lyngskaret. Hadde ikkje med kart så såg etter på mobilen at me måtte endre kurs, der i frå kom me opp til eit nytt vatn og følgde steinura heile vegen til topps. Fortsette ut mot kanten der me sette oss i le av vinden og vart sittande ein times tid for å nyte utsikta som strekte seg heilt til Jotunheimen. På tilbake turen fann vi stien etter eit lite stykke. Sjølv om den var utydelig, så såg me enkelte vardar her og der. Men sakna raude merker. Alt i alt ein flott tur med storslagen utsikt på toppen.

Ved Sætra

Utsikt nedover Slettedalen

Utsikt frå toppen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.