Sunndal: Innerdalstårnet (26.07.2018)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Dalen (260m)
Endpoint Dalen (260m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 32min
Distance 17.7km
Vertical meters 1,450m
GPS
Ascents Innerdalstårnet (1,452m) 26.07.2018

Møre og Romsdal pf 100 1152/1161

Hadde tenkt å ta denne saman med Tåga og Navardalsnebba. No kom eg til Sunndal langt utpå dag så då passa det med ein kveldstur til Innerdalstårnet. Då eliminerte eg den klyveøkta vidare mot Tårnfjellet og Tåga. Det var tilnærma parkeringskaos, og fekk lurt bilen til på den nederste parkeringsplassen. Tenkte med meg sjølv at dette kan bli interessant. Godt at Torleiv ikkje var med. Det var så mykje folk at det nytta ikkje seie hei til alle. Ikkje før eg passerte Innerdalshytta iallefall. God stemning, bading og teltliv alle plassar. Oppe ved Storvatnet var det veldig flott. På retur møtte eg fleire teltlag som skulle opp der og kose seg. Fiskerier, telting og toppstøt dagen etter. Bratt, men enkelt opp til skaret. Herifrå var det eit par klyveparti som enkelte sleit litt med. Ca 10 andre på toppen samtidig som meg. Møtte berre 4 andre på vei oppover på returen. Så vil ein ha det litt fredeligare på toppen er kveldstur tingen. Etter turen kjøyrde eg til Grønvollen. Der møtte eg Bjørn Fillipsveen som var klar for stortur til Storkalkinn neste dag. Sunndal: Storkalkinn, Gammelurkollen, Stortågkollen m.m.

Stien langs Storvatnet. Populær plass for fisking, bading og teltliv.
Stien langs Storvatnet. Populær plass for fisking, bading og teltliv.
Bratt opp til Innerdalstårnet ja
Bratt opp til Innerdalstårnet ja
Mot Tårnfjellet, Tåga stikk opp bak. Besøkt 2 dagar seinare utan å legge turen om Tårnfjellet.
Mot Tårnfjellet, Tåga stikk opp bak. Besøkt 2 dagar seinare utan å legge turen om Tårnfjellet.
Frå Innerdalstårnet
Frå Innerdalstårnet
Innerdalstårnet
Innerdalstårnet
Mot Kringlehøa
Mot Kringlehøa

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.