Eikeneshesten, Gloppen, 1093 moh (26.07.2018)

Written by irelun (Irene Lunde) GSM

Start point Hestenesstøylen (424m)
Endpoint Hestenesstøylen (427m)
Duration 5h 19min
Distance 6.7km
Vertical meters 720m
GPS
Ascents Eikeneshesten (1,093m) 26.07.2018 14:18
Ny T-tur med mamsa. Denne gongen med "klatring" på Hestenesøyra... Vi køyrde opp på Hestenesstøylen og tenkte vi ville ha ein rundtur, så vi følgde stien/vegen i Hestedalen eit lite stykke, før vi tok opp skogen/lia. Det gjekk for så vidt greit, men vi såg at det hadde vore endå opnare på andre sida av ei lita elv til venstre.. Då vi kom opp til siste delen av fjellet, burde vi gått langt til venstre, inn til gjølet. Men.. det gjorde ikkje vi. Først prøvde vi å sjå kor langt det var rundt til høgre, til stien frå Eikenesstøylen. Det vart for langt, så vi prøvde oss rett opp og til venstre. Vi kom ganske langt, men måtte til slutt gje opp, då vi ikkje kom oss opp der. Det var like før vi gjekk oss "skorfeste" på heile greia! Heldigvis kom vi oss ned att og gjekk lengre mot venstre, der vi skulle ha gått i utgangspunktet...
Ned att gjekk vi den tydelege stien mot Eikenesstøylen ned Spøtanakken, før vi gjekk over myrane mot Hestenesstøylen. Sjølvsagt gjekk vi dar for langt mot venstre, slik at vi måtte gå langs gjølet eit godt stykke oppover.. Men: vi fekk no gått i ca 5 timar totalt.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.